Eidfjord kommune Hardanger Politisk Ymse

Nytt skulestyre i Eidfjord

Førskuletiltak i Eidfjord — [caption id="attachment_377" align="alignright" width="300"] Det nye Eidfjord skulestyre: Fra venstre: Johanna Fjetland, Åse Steiro, Marit Herland, Oddrun Sæbø, Ragnhild Herstad, Arnhild Næsheim og Gunvald Bu. (Ola M. Tveit og Astrid Garen var ikkje tilstade).[/caption] Frå foreldrelaget ved Lægreid og Sæbø skular er det kome ynskje om at det vert starta førskuletiltak ved desse skulane. Det er og eit ynskje at dette vert sett i gang så
Eidfjord kommune Hardanger Jondal Kvam herad Odda Kommune Politisk Ullensvang Ymse

Villeiande meiningsmålingar

Gallup-parodien skal halda fram enno ei stund. Norges Markedsdata har nemleg sett bukken til å passa havresekken, eller med andre ord, spurd partia om dei skal godkjenna DNF sitt framlegg om eit ekspertutval til å studera metodane deira, eller om dei skal halda fram som hittil i 1977. Kva motiv eller vurderingar som er grunnen til at dei fleste partia er så velnøgde med gallupen slik han er i dag,
Eidfjord kommune Hardanger Odda Kommune Politisk Ullensvang Ymse

Folketalet går ikkje nemnande ned i Odda og Ullensvang

I Ullensvang var folketalet pr. 1.1.76 5166 og 1.1.77 5158 (Eidfjord er rekna med) altså ein nedgang på 6. I dette året var 72 fødde, 231 innflytta frå andre herad i landet 50 flytta inn frå utlandet, 52 døde i dette året, 261 flytta ut til andre herad, og 46 til utlandet. I Odda var folketalet pr. l.i. 76 9446 og 1.1.77 9374, ein nedgang på 72 personar. Det var
Eidfjord kommune Hardanger Jondal Kvam herad Odda Kommune Politisk Ullensvang Ymse

Folkestyre

Den engelske tenkjaren John Locke utforma i si tid læra om folkesuvereniteten som i stutte drag gjekk ut på at all makt i samfunnet måtte gå ut frå folket. Desse tankane har slege ned i folket vårt og vorte grunnfesta der. Etter siste verdskrigen er folk med dei mest ulike samfunns syn samde om å hylla det demokratiske samfunnsidealet. Når folk med heilt ulik politisk syn likevel prisar demokratiet, kjem
Eidfjord kommune Hardanger Jondal Kvam herad Odda Kommune Ullensvang Ymse

Nytt stoff og nytt syn i nytt historieverk

«Historien må stadig skrives på nytt», skreiv den kjente historiekaren Ernst Sars for eit hundreår sida. «Den fremmadskridende udvikling giver bestandig nye synspunkter å se den fra». Dette er nok ein av grunnane til at Cappelens forlag no gjev ut Norges historie — i heile 15 band — berre vel eit ti år etter at Aschehoug gav ut eit liknande verk. Vel så viktig er det kanskje at historiegranskinga stadig
Eidfjord kommune Hardanger Jondal Kvam herad Odda Kommune Politisk Ullensvang Ymse

Låneskulda i Hordaland herad: Jondølingane skuldar 55 kroner kvar, Oddingane 4 960 kroner

Kommunane i Hordaland hadde ved årsskiftet tilsaman 1230 millionar kroner i låneskuld. I medel vert det omlag 3180 kroner pr. hordalending. Mest låneskuld hadde Bergen med 737 millionar kroner. I den andre enden av lista finn vi Jondal med berre 70 000 kroner i låneskuld. Jondal er og det heradet «som har minst skuld pr. innbyggar, med 55 kroner. For fleire herad gjeld det og at det nett no skjer
Eidfjord kommune Hardanger Politisk Ymse

EIDFJORD: Kloakk og vassforsyning etter vassdragsreguleringa

Det er klart at vassdragsreguleringa vil føra til vanskar med vasstilføringa og kloakkeringa for visse deler av Eidfjord. For Sysendalen er det viktig å få avklara dette spørsmålet. Kommunestyret vedtok difor på møte tysdag at desse spørsmåla må vera løyst i god tid før reguleringa av Eidfjord.Nord vert heilt eller delvis teke i bruk. Det må snarast råd takast opp drøftingar med NVE-Statskraftverka for å finne ei minneleg løysing. Det
Eidfjord kommune Hardanger Politisk Ymse

Tone Moger i Eidfjord: Kva med likestilling i nemnder og råd?

Det var ei lang saksliste medlemmene i Eidfjord kommunestyre skulle koma gjennom på det fyrste møtet etter [caption id="attachment_170" align="alignright" width="300"] Kommunestyre Eidfjord 1977[/caption] at Eidfjord vart eigen kommune frå 1. Januar. Det stod 46 saker på sakslista, og dei fleste sakene gjekk greitt unna. Over 30 av sakene var val til ymse styre og råd. I samband med desse vala tok Tone Moger (Ap) ordet som einaste kvinnelege representant
Eidfjord kommune Hardanger Jondal Kvam herad Målkamp Odda Kommune Ullensvang Ymse

15 nye lag i Noregs Mållag — Dialektarbeidet styrkjer målrørsla

Målrørsla seglar i medvind ser det ut for. Skrivaren i Noregs Mållag, Olaf Almenningen, kan fortelja til Nynorsk Pressekontor at det ved årsskiftet var 264 mållag med til saman 16 800 medlemer. Av desse laga er det 15 nye, fordelt over heile landet, frå Finnmark til Telemark. Økonomien ser og ut til å vera betre enn før, sjølv om samskipnaden ikkje toppar likningsboka. Berre på ein og ein halv haustmånad
Eidfjord kommune Hardanger Ullensvang Ymse

Eidfjord krev eige trygdekontor

Eidfjord kommyunestyre vedtok på møte tysdag å senda ein uttale til Rikstrygdeverket der dei krev at det vertoppretta eige trygdekontor for Eidfjord med kontorsenter i Nedre Eidfjord. Vi tek her med uttalen: Inntil kommunesamanslåinga pr. 1.1. 1964 hadde Eidfjord eigen trygdekasse med kontorstad i Nedre Eidfjord. Etter samanslåinga med tid legare Kinsarvik og Ullensvang vart trygdekassen i Eidfjord lagt ned, og trygdekontoret i den nye storkommunen Ullensvang fekk kontorstad i