Home>Hardanger>Brev til eit barn
Til eit barn
Hardanger Politisk Skule Ymse

Brev til eit barn

Til eit barn
Pål Sundvor «Brev til eit barn»

Av Pål Sundvor i «Nationen»
Når eg ikkje har skrive dette brevet før, er det kort og godt fordi eg ikkje visste korleis eg skulle forma det. Eit brev til eit vakse mennske kan ein forma heller likesælt. Men når ein skal skriva eit brev til eit barn, då kan ein ikkje vera lettvint — og ein må samstundes vera ærleg.
Eg har sjølv vore barn og eg veit at om ein kan snu på tingen og bortforklåra han for det vaksne mennesket, så kan ein ikkje gjera det same for eit barn. Det ville ikkje berre vera eit brotsverk mot det barnet ein vende seg til, men og mot det ein kunne kalla barnet i seg sjølv.
Du nemner fleire spørsmål i brevet ditt som eg på sett og vis kjenner meg forplikta til å svara på. Og eg skal svara på dei så langt eg maktar. Men tru no berre ikkje at det vaksne mennesket sit inne med svar på alle spørsmål. Det vaksne mennesket styrer rett nok samfunnet, men det vil ikkje seia det same som at det ser rett, tenkjer rett og veit kva som er rett.
Når auga er unge, ser dei godt. Eit midelåldra menneske bør helst skaffa seg briller, di før di heller. Men når mennesket har nådd ein høg alder, når det er så gammalt at vi seier det «går i barndomen», då kan det atter sjå godt, ja, lesa utan briller. Ein kunne tru at naturen — eller skaparen — har lagt inn ei meining just her.
Du spør meg rett ut kvifor du må sitja i ein buss i samanlagt halvannan time kvar dag til og frå skulen, du som aldri blir kvitt bilsykja. Og du spør kvifor eg og jamaldringane mine åtte den lykka gå gå «gamlevegen» til skulehuset som låg ein halv times gange borte, ein veg som sant nok var litt av eit eventyr.
Men dersom du var barn i 1930-åra ville du kanskje sjå litt annleis på tilstanden i dag. For det første: Vi som var barn den gong hadde ein dårleg utstyrt skule. Vi var dårleg utstyrt sjølve og. Ikkje alle hadde eigne sko å gå i, ikkje alle kunne flotta seg med nye klede. Og når vi var ferdige med folkeskulen hadde vi ikkje høve til å gå vidare, dersom vi ikkje sette alt inn på det. Det var så visst ingen skulebuss som henta oss til ungdomsskulen, for korkje veg eller buss var komen til bygda, og den moderne sentralskulen du er elev ved, var langt bortanfor alle blånar. I dag vil foreldra dine, som er mine jamaldringar, at du og dine jamaldringar skal få det beste utgangspunktet i livet, eit utgangspunkt vi ikkje fekk. Kunnskapen er lykel til mange stengde dører, skal eg seia deg. Det vil du skjøna litt etterkvart.
Desse breva våre som kryssar landet vårt på tvers er elles skrivne på to ulike språk, både når det spørst om innhald og ortografi. Du nemnde for meg i brevet ditt at eg fekk skriva heimemålet mitt i alle skuleår, at dei orda som var mitt verkelege morsmål også fekk lov til å leva på papiret, medan du sjølv vart tvinga til å byta språk på sentralskulen, at heimeorda fekk ein raud strek over seg i stilboka di, og du kjende det som sjølve sjela di vart stroken ut.
Her er vi inne på eit brannfarleg emne som eg nesten har hug til å dra meg unna. Men skal vi koma inn på spørsmålet, må vi ha med litt historisk bakgrunn. Eg skal likevel ikkje gå lenger attende enn til 1930-åra då eg sjølv var skuleelev. Det var som alt nemnt ei vanskeleg tid på mange vis. Men samstundes var det ei stor landnåmstid. Plogen skar seg støtt lengre og lengre inn i nylendet. Det eine nydyrkingsfeltet etter det andre breidde seg lik grøne flagg gjennom utkantbygdene.
Vi var eit folk som vann landet steg for steg. Og i takt med å dyrka jorda, ville vi dyrka vår dyraste åndsarv. Vi førde vårt eige mål inn i skulane, vi var ein nasjon på heimveg. På eitt år førde 900 skulekrinsar heimemålet inn i folkeskulen.
Tilstanden er ein annan i dag. No er vi ikkje berre stogga opp for å sjå oss forvirra omkring, vi er liksom ein her som er på dagleg tilbaketog frå det vi eingong vann.
Attom oss kryp vieren over nyrydningen, attom oss ramlar hustaka ned på dei gamle byggverk vi tok over. Vi tek sikte på å verta eit folk av tett stader og by. Vi skal ikkje lenger henta kornet or eiga jord, vi skal bli flinke kontorfolk hos millionærane som fører kornet heim over havet. Og dei vil ikkje ha modersmålet ditt i forretningsbreva sine. Dei elskar det nok, men dei vil ikkje vita av det bak skranken.
Eg vil vera ærleg mot deg, og derfor seie eg det som det er. Og likevel veit eg at denne utslettinga av di eiga bygd, ditt eige mål, ikkje er hovudklagepunktet ditt.
Gjennom åra får ein litt tame i å lesa mellom linene. Eg kan jamvel sjå andletet ditt mellom dei linene du har skrive. Det seier omlag dette:
— Eg skjønar godt at de i grunnen vil meg det beste, at de vil at eg skal få ei god utgangsstilling i den harde tevlinga eg som vaksen skal inn i. De vil at eg skal verta eit menneske som lever godt og kan nyta livet på beste måte, få posisjon og verta vørd, vera ein av dei velkledde velsituerte som først og fremst er ein tenar for kapitalen og i eitt og alt fylgjer den «skikk og bruk — som pengeadelen har teikna opp. Ikkje minst for den som har opplevd harde år på barnekroppen sin, kan dette vera litt av eit mål å ha i sikte. Men er ikkje livet meir enn dette? Noko heilt anna?
Og dette spørsmålet ditt har valda meg slik hovudbry af eg hadde vanskar med å koma i gang medbrevet mitt. Kva er det verkelege målet for livet vårt? spør du rett ut.
Det spørsmålet er så vanskeleg at eg knapt ville makta å svara på det om eg så fekk leva fleire liv! Eg har tenkt meg at dersom vi i denne stunda sat i lag og førde ein samtale om desse tinga, så ville du hevda omlag dette:
— Når vi har kvitta oss med alt som er vårt eige, dette som ein kanskje kan nemna som sjel, og berre er desse velutdanna menneska som fylgjer den siste mote, har vi då nådd det fullkomne målet her i livet? Eller er vi tenkt til noko meir?
Og dette ventar du at eg skal svara på! I det gamle Hellas fanst det ein gammal raring som bar namnet Sokrates, kjend i ettertida som stor filosof og vismann. Han forkynte gjerne på det vis at han sette fram spørsmål. Og velforma spørsmål kan vera som bankslipte spjut. Slik verkar og dei fleste av spørsmåla dine. Eg veit at ikkje eitt av svara mine duger som skjold imot det!
Dessverre har eg vakse altfor langt bort frå barnet, men det står for meg at barnet ikkje godt, det maktar også lett å finna løysing på fleire vanskelige gåter. Ikkje minst fordi det tek gåtene alvorleg.
Derfor meiner eg det var betre om det var eg som stilte spørsmålet og du som svara når det gjaldt dei mest vanskelege problem. Derfor stiller eg deg spørsmålet rett ut:
— Kva er meininga og målet med dette livet?
Slik vil eg få enda brevet mitt denne gongen.
HARDANGER Onsdag 19. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *