Home>Hardanger>Boksalet i Ullensvang Bokhandel godt i fjor.
Hardanger Ullensvang

Boksalet i Ullensvang Bokhandel godt i fjor.

Elsa Lofthus og Inga Opedal utafor bokhandelen.

Inga Opedal har no drive Ullensvang Bok- og Papirhandel i over fire år. Ho vart beden om å ta over etter Ingv. Dale, og søkte så permisjon frå ungdomsskulen for ei tid. Sidan vart ho hengande med bokhandelen. Inga Opedal har alltid vore glad i bøker. Ho var elles godt rusta til å ta over bokhandelen endå ho i mange år hadde vore borte frå slikt arbeid. Men ho hadde gått bokhandlarskulen og hadde tolv års praksis i bokhandel.
Me spør Inga Opedal korleis boksalet har vore i 1976 samanlikna med åra før?
Det har vore ein god del betre. Her er mange bokglade og leselystne folk i fjorden. Dei kjøper bøker og store verk, endå om bøkene er blitt noko dyre dei siste åra.
– Sel du anna enn bøker?
-Me sel også skulebøker og skulemateriell. Her har me eit godt samarbeid med skulesjefen. Han syter for at tingingane på bøker og skulemateriell kjem samla inn frå skulane i Ullensvang.
-Korleis har jolehandelen vore?
-Svært god. Mange kjøper bøker til seg sjølv, til jol, men det er og fleire og fleire som nyttar bøker til jolegåver.
-Kva bøker har de seld mest av?
Det er utan tvil Jon Bleie sine bøker. Dei ligg som ein god nr. 1 og 2. Boka om Halldor Meland har eit høgt tal. Ein av grunnane til det er at fleire spelemenn har gått rundt på gardane og tinga bort boka før ho kom ut. «Barndoms stjerne» kjem som ein god nr. 2. Ho burde hatt endå fleire kjøparar. Det er ei fin bok. Lars Vivelid si bok «Frå bortgøymde dalar» har og gått godt. Vivelid har mange trufaste lesarar her i bygdene.
Det er gledeleg å høyra at folk er gode patriotar, men de sel vel andre bøker og enn nett dei som er skrivne av folk frå fjorden?
-Ja sjølsagt. Halldis Moren Vesaas si bok «Båten om dagen» skil seg ut. Liv Ullmann si bok har me og seld mange eksemplar av. Boka om Hordaland og Bergen har og mange kjøparar endå ho er noko dyr. Så må eg nemne at Norges Historie har fått fleire tingarar enn me har rekna med.
— Korleis er salet på barnebøker?
— Dei går godt, helst som gåve til jol. Folk vil helst ha desse bøkene på nynorsk, som rimeleg kan vera. Me har fleire av dei gode, gamle på disken men me skulle gjerne hatt eit større utval av nyare forfattarar.
— Jolehefter og biletbøker? «Smørbukk», «Tuss og Troll» og «Vangsgutane» går unna som varmt kveitebrød. Borna likar desse hefta, og me sel meir av dei enn av andre teikneseriar.

HARDANGER Laurdag 12. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *