Home>Hardanger>Bjørn på Folgefonn-halvøya
Hardanger Jondal Odda Kommune Ullensvang Ymse

Bjørn på Folgefonn-halvøya

Det har no frametter vore skrive so mykje om bjørn på Folgefonnhalvøya at det kan vera av interessa å sjå korleis det kunne vera i gamal tid. Eg slår opp i boka «Kvinnherads slekter» av Peder Furuberg, og les om bjørneskyttarar på garden Gjerde i Mauranger for omlag 250 år sidan. Her står:

Folgefonnbjørnen
Folgefonnbjørnen?
I midten av syttitalet var det mange rapportar om bjørn på folgefonnhalvøya

Peder Gotskalkson, fødd 1706 og sonen Gotskalk Pederson fødd 1726 var ivrige bjørneskyttarar. Den fyrste skaut 28 og den siste 29 bjørnar. Om Gotskalk er det fortalt at han hadde vore ute i Bondhusdalen og skote ein bjørn, og tok eit låe med heim. Han sa at låret var av ei kviga som systera Boel, måtte slakta fordi ho hadde rulla utover. På Gjerde kokte dei bjørnekjøtet. Då dei skulle eta, tok Gotskalk seg ein tur i utmarka. Komen attende spurde han korleis dei likte kjøtet. Alle svara at det var godt. Han fortalde då at det var bjørnekjøt dei hadde ete. Dermed måtte dei på dør og spy alle saman (Dette vitnar om at bjørnekjøtet vart ikkje bruka som folkemat i denne tida).
Ein gong dei stod og slo høy utpå ettersumaren, høyrde dei kromp som grov oppe i Gjerdsdalen. Dei forstod med ein gong at bjørnen hadde vore på ferde. Og Gotskalk og drengen forlet
slåtteteigen, sprang heim etter børsene og la i veg oppover. Dei gjekk til dei trefte snøen, men då måtte dei gjeopp, for dei var berrføtte. Dei merkte seg leia bjørnen hadde teke. Dagen etter gjekk Gotskalk oppatt og trefte bjørnen. Han fekk inn eit skot på han, men det var ikkje drepande. Han såg bjørnen hadde teke på Fonna. Seinare på sumaren fann dei bjørnen daud borte på Fonna, men då var han roten. Det vart meldt om bjørn i Nordpollfjella. Gotskalk tok seg ein tur gjennom Flatbødalen. Den dagen skaut han to bjørnar. Det er fortalt at det skulle vera bjørnejakt. Men dei syntest Peder var so gamal at han burde ikkje vera med. Peder vart arg. Og då dei såg ein røysekatt på ein stein langt burte, tok han tak og skaut hovudet av han.
Gotskalk hadde høyrt at på Kongsberg hadde dei teke til å laga bjønebørser som var rifla inni. Han ville kjøpa ei slik. So gjekk han over Fonna, forbi Odda, og like til Kongsberg. Då han kom tilbake same vegen, hadde han børsa med seg. Med denne børsa felte han mange bjørnar, og ho skal vera på garden Gjerde endå. Og børsa som faren hadde brukt, er på garden Nerhus.
L.Ø.
HARDANGER Lørdag 15. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *