Målkamp Ullensvang Ymse

MEIR NYNORSK I BOKKLUBBEN: Skort på nynorskbøker eit pedagogisk brotsverk

Blir det meir nynorsk i Den Norske Bokklubben? Etter det Nynorsk Pressekontor veit skal det no vera drøftingar mellom Bokklubben og [caption id="attachment_255" align="alignright" width="233"] Storsal av Jon Bleie sine bøker i Sørfjorden[/caption] målorganisasjonane om kva som kan gjerast for å spreie meir nynorsk-lesnad gjennom den største bokklubben i landet. Grunnen til dette er den kritikken som har kome frå mange målfolk mot utgjevingspolitikken til Den Norske Bokklubben. Som kjent
Ymse

20 kyrkjeblad held mål

Menighetsbladet for Vågsbygd ved Kristiansand hadde eit betre julenummer enn dei andre kyrkjeblada, som kom inn til ei tevling det kyrkjelege vekebladet Vår Kirke har hatt. Tevlingsutvalet la vekt på at det var breidde i innhaldet, god forkynning og god journalistikk, men like viktig var det at bladet var merkt av å vere eit julenummer og av å vere eit lokalblad. Kyrkjebladet for Gloppen kom på 2. plass, og fekk
Hardanger Politisk Ymse

Foreldrerett – foreldreansvar STATEN SI MAKTGRENSE

I radio og fjernsyn har ein merka ei stigande interesse for barn og barneoppseding den siste tida. Det er gledeleg. Ein har teke fleire viktige spørsmål opp til drøfting: Kven har rett til å refsa born? Skal born i det heile få straff? Kven eig borna, staten eller foreldra? Kven har rett til å oppsede? Det er ikkje greitt å gje eit enkelt og eintydig svar på desse spørsmåla. Det
Døde Eidfjord kommune Hardanger Odda Kommune Ullensvang Ymse

Dødsannonser -12 januar 1977

[caption id="attachment_272" align="alignright" width="160"] Dødsannonse Olai Fossdal[/caption] Min kjære mann, vår strevsame far og verfar, vår snille beste Olai Fossdal døydde brått i dag 66 år gamal Ringøy 10. januar 1977. Gudrun Fossdal. f. Lutro Olaug - Øivind Tordis - Jon Mikal Aud - Atle Barneborn Gravferd frå Kinsarvik laurdag 15. januar kl. 11,00. Dei som vil fylgja er hjarteleg velkomne.   [caption id="attachment_271" align="alignright" width="183"] Dødsannonse Helga T. Sæd[/caption]
Målkamp

Barne -og Ungdomsavdelinga i NRK: Meir geografisk og språkleg jamstelling

Reisebudsjettet til Barne- og Ungdomsavdelinga i radio har auka kraftig dei siste åra. Dette gjer at programmedarbeidarane kan dekkje meir av det som skjer utanom Oslo enn før, og programma blir av den grunn sterkare farga både av geografisk og språkleg jamstelling, skriv Nynorsk Pressekontor. —Auken i reisebudsjettet heng saman med at vi strevar med å desentralisere sendingane våre, seier den konstituerte program redaktøren i Barne- og Ungdomsavdelinga, Paul Skoe.
Odda Kommune Ymse

Lars Seim vann Saudasprinten

Lars Seim, Røldal, vann Saudasprinten foran B-løparen Tore Moe, Suldal, og junioren Harts M. Abotnes, Sauda. Løpet gjekk over 10 km laurdag og 14 km sundag. Det var fine løyper båe dagane, men ein del smurningsproblem sundag. Også andre lokale løparar gjorde det godt. Marit Oppedal, Korlevoll, vann jenter 12 år, Anna Madsgård, Korlevoll vann jenter 13 år, Svein Jøsendal, Odda IL, vart andremann i gutar 13 år, Tone Dalum,
Målkamp Ymse

Bokklubben lovar endringar: Nynorsken ofra liten omtanke

-Bokklubben lovar endring: Nynorsken ofra liten omtanke, seier direktør Giæver til bladet «Dagen». Me har gjeve ut for lite bøker både på nynorsk og samisk, seier direktør Gjæver i Den norske Bokklubben, då bladet Dagen tok opp klagemålet som formannen i Noregs Lærarmållag, Arne Skjerven, hadde sett fram om at boka til Ingebrigt Davik er omsett til bokmål, og dei borna som vil ha nynorskutgåva må kryssa av om dette.
Ymse

Kommunen tek over grunn på Seljestad

Mange er det som har hatt problem med å finna parkeringsplass for bilen sin på Seljestad. Serleg ille har det vore dei siste vintrane og verst i påskeveka. Mange har tala om at det skulle vore opparbeidd ein del vinterparkerihgsplassar. Med tanke på det som hende i kommunestyret mellom jol og nyttår; er det grunn til å tru at kommunen no vil freista å finna ei løysing på parkeringsspørsmålet. Frå
Ymse

SUNDAGSTANKAR: Er Jesus med i ditt reisefylgje?

Jolebodskapen fortel om dette store at Gud har vorte menneske for å frelse oss. Gud har gjort eit avgjerande brubyggingsarbeid frå seg til oss. No er vi inne i openberringstida og desse to sidene ved Jesus, sann Gud og sant menneske møter oss i tekstane på ulik vis. Desse sidene kjem også sterkt fram i teksten for fyrstkomande sundag der vi møter Jesus i tempelet som tolvåring. Dette er einaste
Ullensvang

ORDET FRITT: Service på postkontoret, Lofthus

Service på postkontoret Fredag 31. desember, siste dagen i 1976, tok eg med resten av rekningane for å betala dei i posten. Eg går inn på postkontoret på Lofthus og stiller meg i kø. Framfor meg står tre personer, ein mann i 60-års alderen, ein liten gut og ein kar rundt dei tretti. Straumen er borte. «Dette er ikkje meir verdt enndo-papir». Stemma til postfunksjoneren får meg til å vakna