Home>Hardanger>Auka aktivitet i Ullensvang Venstrelag
Hardanger Ullensvang

Auka aktivitet i Ullensvang Venstrelag

Årsmeldinga for Ullensvang Venstrelag som vart lagt fram på årsmøtet 14. desember synte at 1976 hadde vore eit godt arbeidsår for Venstre. Medlems talet har auke monaleg, og aktiviteten i laget har synt tru på at Venstre sin politikk vil vinna fram.
Kommunevalet i haust burde ha gjevi fleire representantar for Venstre. Det var Lars O. Bleie og Jonas Ystaas som vartvalde, med Gunnbjørg Kvåle som 1. vararepresentant. Særleg nøgd er partiet med at Lars O. Bleie vart attvald som varaordførar.
Kløyvinga etter Røros-møtet lamma mykje venstre-arbeid. Men no er det teikn på at Venstre kan samla troppane sine igjen, og koma sterkare attende både lokalt og nasjonalt.
Venstre har i sin politikk gått inn for at kvar einskild veljar skal få større innverknad på sin eigen situasjon, og sitt eige lokalmiljø. I programmet for valbolken 1977 – 79 går Venstre inn for å skipa grendautval.
For å koma eit steg på vegen, vil Venstre i Ullensvang skipa til samrådingsmøte mellom kommunestyrerepresentantane, styret i Venstre og andre interesserte. Me vonar at byg defolket vil nytta seg av eit slikt høve til å fremja synspunkt på aktuelle saker som skal opp i formannskap og kommunestyre.
Styret i Ullensvang Venstrelag for 1977 er Nils Magne Aanensen, form., Lars Bjaadal, skrivar, Jorunn Ystaas, Berit Fjell Bjotveit, Hans J. Sekse. Nye i styret er Gudrunn Haugen og Frede Bleie. Ullensvang Venstrelag Lars Bjaadal, skrivar.
HARDANGER Laurdag 8. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *