Home>Utgjeve>1977>Auka aktivitet i Noregs Ungdomslag – Førebyggjande arbeid i vid meining
1977 Januar Kultur Ymse

Auka aktivitet i Noregs Ungdomslag – Førebyggjande arbeid i vid meining

Omtrent 40 nye lag har slutta seg til Noregs Ungdomslag i året som gjekk. Og denne års auken er normal for organisasjonen om ein ser på dei tre siste åra. I alt har denne samskipnaden for ungdomslaga vel 31 000 medlemer, fortel Nynorsk Pressekontor.
-Kva er grunnen til auka tilsig av ungdomslag, general sekretær Egil Hyldmo i Noregs Ungdomslag?
-Det nye generasjonen som kom i etterkrigstida har vorte lei av passiv underhalding, og viser meir eigenaktivitet enn det som har vore vanleg ei stund. Dette har nok også samanheng med den politiske retninga no for tida, mot sentraliseringstanken som har herska.
– Vil det seia at Noregs Ungdomslag er politisk?
Vi arbeider med samfunnsproblem og distriktspolitikk. Og medlemene våre er vakne for signal som kan truge deira eige lokalsamfunn.

Folkedans i Ungdomslaga
Folkedans i Ungdomslaga

VID FUNKSJON
— Eit meir vanleg Inntrykk er vel at medlemene driv dansetilskiping og gamaldanskurs?
— Javisst er det mange som driv med det. Men ungdomslaga har også ein samfunnsfunksjon som femner vidare enn berre å engasjere seg i det vi vanlegvis kallar politikk. Distriktspolitikk er også kultur. Diskusjonen om distriktspolitikk har til no kreta for mykje om talet på arbeidsplassar.
I mange lokalsamfunn er ungdomslaga dei einaste som tilbyr aktivitetar i bygda. Og denne rolla er ikkje mindre viktig enn anna distriktspolitikk.
Her kjem m.a. laurdagsdansen og folkedansakiviteten inn.
Ungdomslaga har såleis ein sosial funksjon.
RUSGIFT
– Men er ikkje laurdagsfesten ofte eit dårleg alternativ?
– Vi er meir villige til å diskutere dette no enn før. Vi har laga ein eigen rusgiftplan som mange av laga brukar. Og mange ungdomslag har engasjert seg i kampen mot rusgift, fordi dei meiner det er viktig med eit rusgiftfritt miljø.
– Men så er det vel kremen som er med i ungdomslaga jamt over?
– Vi har stort sett med oss dei som er vellukka og har kome godt ut i samfunnet. Vi har ikkje i den grad nådd dei som fell igjennom. Vi har heller ikkje kapasitet og fagkunnskap til å nå alle.
FØREBYGGING
Er det kulturelt eller sosialt arbeid de driv?
— Det vi driv er førebyggjande arbeid i vid forstand. Klientverksemd er berre ein del av — og ei snever form for — sosialt arbeid. Gjennom sin eigensituasjon lærer vi medlemene våre å tenkja på sitt eige samfunn.
— Men lagsarbeid, er det eit alternativ til ungdomen i dag?
— Lagslivet har kanskje ein ennå større funksjon no enn like etter krigen. I dag kan det gje høve til å finne fram i eit stadig meir komplisert samfunn. Og det kan bryte ned barrierane mange har overfor det offentlege.
DYR DRIFT
— Det er ikkje billeg å drive frivillig organisasjonsarbeid i dag?
— Det er vanskeleg for oss å halde tritt med pris- og kostnads-stiginga. Staten har ikkje gjeve oss dispensasjonar for denne auken, og vi kjem dårlegare ut no enn berre for fem år sidan.
Vi må vera samde med dei som meiner at kulturmeldinga førte til større optimisme enn det var grunn til.
BYGDA I BYEN
— Ungdomslaga har tradisjon på bygdene. Har dei også vorte eit byfenomen?
— Ikkje berre bygdeungdomen går i bygdelaga. Mange menneske som har vakse opp i byen og har heile sin bakgrunn derifrå kan vi finne i desse laga i byane, fyrst og fremst på grunn av folkedansen.
— Men er bygdelaga i byane eit alternativ for innflyttarungdomen?
— Desse laga skulle vera ein naturleg samlingsplass for ungdom frå andre kantar av landet. Men det er fleire andre spesielle tilbod i ein by. Og det kan vera vanskeleg å tevle på den kommersielle underhaldningsindustrien sine vilkår. Men eg ser bygdelaga som ein betre sjanse til å koma i kontakt med folk enn diskotek og restaurantar Mange bygdelag i byane har dessutan engasjert seg i innflyttarstroka i drabantbyane.
HARDANGER Laurdag22. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *