Home>Utgjeve>1977>Årsmøte for Børve og Sekse husmorlag
Grannatun Anno 2017
1977 Hardanger Januar Ullensvang

Årsmøte for Børve og Sekse husmorlag

Børve og Sekse husmorlag har i 1976 havt 42 medleme. Det har vore halde 5 styremøte og 7 lags møte, 1 festmøte og

Grannatun Anno 2017
Grannatun Anno 2017
(Foto: Grannatun http://indreaustsio.no/category/grannatun/)

joletrefest for born. 4. juli hadde laget tur med «Fjordclipper» til Rosendal.
Heimesjukepleiesjef Eldrid Bay Eikemo var innbeden på februar-møtet. Ho fortalde om heimehjelp-ordninga her i heradet, heimesjukepleie m.m. Av program på møta elles har det vore halde 5 kåseri, eit av desse med ljosbilete. Det Nordiske brevet omhandla diktarparet Vesaas, dette vart opplese saman med fleire dikt skrevne av dei.
2 filmar har vore synte, ein om brukskunst frå Finnland og ein om gamle bunader. Det har vore 1 mannekengoppvisning. På aprilmøtet deltok Aud Røynstrand med fin orgelmusikk, Det har vore utsendingar til lagleiarmøte, krinsmøte, gruppemøte og lags- og studieleiarmøte, desse har havt referat på lagsmøta.
Engelskkurset «START» har vore i gang i år og. Laget har åklevev ståande for dei i bygda som ynskjer å veva seg åkled. Medlemer av laget ytte hjelp med å veva åkled for marknadskommiteen for «Grannatun».
Eit medlem fekk husmorferie på Folkehøgskulen på Halsnøy. Medlemer selde loddar til inntekt for brudebunaden i heradet. Loddar er selde for hjarte- og lungesjuke, og UNICEF kort. Laget har «Bingo» tilskiping saman med ungdoms- og idrettslaget. 1 gong for månaden, frå november til mai.
HARDANGER Laurdag22. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *