Home>Hardanger>Eidfjord kommune>Aktuelt med utviding av PPD-kontoret i Odda
Eidfjord kommune Hardanger Odda Kommune Politisk Ullensvang

Aktuelt med utviding av PPD-kontoret i Odda

PPD-kontoret er eit pedagogisk, psykologisk rådgjevingskontor for eit visst distrikt. Eit slikt kontor skal vera hjelpar og rådgjevar for born som har psykiske og fysiske vanskar både i førskulealder og i barne og ungdomsskulen fram til dei er i 19 årsalderen. Kontoret skal og gje råd og rettleiing til foreldre og lærarar om korleis dei på beste måte kan hjelpa slike born.
Det er lovfesta at det skal vera slike kontor rundt i alle distrikt. Odda og det gamle Ullensvang har til no vore saman om eit slikt kontor og hatt ein samarbeidsavtale om hopehavet med kontoret.
No er denne saka vorten aktuell både sidan Eidfjord er skild ut frå Ullensvang, og avdi det er planar om å utvide kontoret. Såleis må det ein ny samarbeidsavtale til. Saka har vore oppe i Odda formannskap, og det er sendt framlegg til ny avtale til dei to andre herada. Me spør skulesjefen i Ullensvang, Sondof Rabbe, korleis han ser på ein ny samarbeidsavtale.
— Eg har ingen ting imot å fornya avtala. Det er heilt naturleg at me er saman med Odda om eit slikt kontor. Eg trur Eidfjord og vil vera med no som før. Men når det gjeld finansieringa av drifta ved dette kontoret, meiner eg me må få ein annan fordelingslykel enn den det er gjort framlegg om i Odda. Tilskotet frå staten til dette kontoret vert rekna etter den prosenten som- kvar kommune får til skulebudsjettet. Det er for Ullensvang (og truleg Eidfjord) 80%, medan Odda får 40%. Dette må verta teke med når ein skal fordela utgiftene til kontoret, og ikkje berre barnetalet. Elles er eg sjølvsagt samd i at kontoret i Odda vert bygd ut. Saka skal no opp i formannskap og heradstyre i alle tre kommunar.
HARDANGER Laurdag 15. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *