Home>Hardanger>Jondal>Ordet fritt: Industri i Jondal
Jondal

Ordet fritt: Industri i Jondal

Ja, såleis lydde overskrifta i bladet og det var sers hugnad samt å sjå.

Og Jondal nye vyrde heradstyre vil at det skal reisast industribygg til ein kostnadssum av 3.3 millionar kroner. Og når ein kjem i hug at det i si tid, spurdest i bladet når Jondal nye vyrde heradstyre auka ordførar lena med 100 prosent og samstundes bruka denne lønsaukensom prov på at kommunen måtte vore godt styrt.

Ja sanneleg må kommunen vera godt styrt siste året av modige menn og kvinner. Eg har elles merka meg at det skal sendast ut førespurnad om nokon er viljuge til å melda seg som arbeidstakarar så at bedrifta er sikra dei 20 arbeidarane ho treng og det er eg viss på vil ordna seg.

So i nær framtid, kanskje til jol kjem det tilbod om arbeid i postkassen til oss Jondøler. Det er ikkje i alle godt styrte kommunar ein kan venta seg tilbod om faste faste arbeidsplassar.

Eg vil samtidig få ynskje Jondal, heradstyret og tiltaksnemnda framgang med sineoppgåver og takka for det som alt er utretta.

Med helsing

Heimføding

HARDANGER Onsdag 5. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *