Home>Hardanger>Ymse>Dikt>Anna Djønne til minne
Anna Djønne til minne
Dikt Døde Hardanger Ymse

Anna Djønne til minne

So er ho Anna og faren or grenda.
Dei vert burte dei gamle.

Anna Djønne til minne
Anna Djønne til minne

Men det er no slikt som hende, med alle dei gamle.
Ho sleit seg ut på ein brattlendt gard, i daglegt strev og kav.
Hundrad tusentals fotefar,
på veg mot si eiga grav.
Som andre gamle.

Ho åtte i bringa ein indre styrke,
som mange andre gamle.
Ljoset som spreier det djupaste myrkret,
som aldri kan slokna.
Og, jau me vil minnast og sakna med både i lyd og lag.
Gud signa ditt minne, ok kvil i fred,
frå din strevsame arbeidsdag.
Det ynskjer me alle.
Granne
HARDANGER Onsdag 19. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *