Home>Hardanger>«Midt-Noreg»-sak i Norsk Språkråd
Forvirring
Hardanger Målkamp Politisk

«Midt-Noreg»-sak i Norsk Språkråd

Forvirring
Forvirring

Norsk Språkråd vil no bli spurt om ikkje fagutvalet i rådet kan uttale seg om ein bør verne språket mot Midt Noregnemninga og ikkje tillate at det blir eit nytt namn på kartet. Og dei som ber om dette vil nok passe på å gjere språkrådet merksam på at Midt Noreg no held på å gli inn i språket utan at korkje det offentlege eller vanlege folk kan bli samde om kvar det er i landet.
Nemninga Midt Noreg blir stadig meir brukt i massemedia, og Midt Noreg vil truleg bli eit nytt ord i språket vårt etter at ein no brukar Midt Noreg i namn på offentlege råd, konsulentar og inspektørar som til dømes Midt Norsk Oljeråd og Fiskerikonsulenten for Midt Noreg. Men korkje språklærde eller geografar ser ut til å glede seg over at Midt Noreg blir arbeidd inn i språket slik det no ser ut til.
— Personleg likar eg ikkje nemninga Midt Noreg. Det er uklårt fordi ein ikkje veit kva det er slik det no blirbrukt, seier geografen, prof. Hallstein Myklebust.
Lexigrafisk Institutt ved Universitetet i Oslo kan ikkje finne at Midt Noreg er brukt i noko oppslagsverk. Det vil og bli vanskeleg å bruke Midt Noreg så lenge det ikkje er avgrensa og uklårt om ein tenkjer på folkesetnaden eller det geografiske Midt Noreg. Dersom ein legg folkesetnaden til grunn, ville det vere mest rett å kalle den sentrale delen av Austlandet for Midt Noreg.
HARDANGER Onsdag 19. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *