Home>Hardanger>Ymse>Målkamp>Norsklærarane vil styrkja morsmålet – Nytt landslag for norskundervisning.
Målkamp Politisk Skule

Norsklærarane vil styrkja morsmålet – Nytt landslag for norskundervisning.

Norsklærarane rundt om i landet innan alle skuleslag driv på og organiserer seg. Det første nummeret av bladet Norsklæraren

Lærar
Lærar

er no kome ut, og i februar skal Landslaget for norskundervisning skipast i Stavanger. Opptakten til dette skipingsmøtet kom på eit seminar i vår, om morsmålet i det norske utdanningssystemet. Det nye landslaget er ikkje meint å vera ei fagforeining som skal konkurrera med dei ulike interesseorganisasjonane, men vera ei form for fagleg kontaktarbeid som byggjer på individuell tilslutnad, som det heiter i det nye lærar-organet. Det heiter at Norsklæraren skal vera eit organ som skal formidla norsk språk og kultur i skulen og elles. Det skal venda seg til fagfolk på alle undervisningstrinn, men samstundes vera lesverdig for alle med interesse for norsk språk og litteratur.
Det er tydeleg at norsklærarane kjenner på seg at morsmålet ikkje får nok plass i skulen.
— Ikkje ein augneblink kan vi godta karikaturen av norsklæraren, pedanten som sit ferdig med raudblyanten, skriv Anders M. Andersen, og held fram — Livsfjerne skjønnånder kallar somme oss. Ja-ja. Kven kjem utanom språket? Faget vårt er det minst sekteriske i skulen — å slå til lyd for norsken er ikkje noka motesak.
Vi må venda oss til styresmaktene og til ålmenheita, la dei få vita om stoda.
Og så skal vi venda oss til kvarandre. Med røynsler og undervisningsopplegg, med idear og meiningar — la dei lærde i faget få kvessa seg i møte med dei som står for heten i det daglege skulekjøret. Og minna kvarandre om gjennom sjølve tonen, at vi har det gildaste faget i skulen. (NPK)
HARDANGER Onsdag 19. januar 1977

One thought on “Norsklærarane vil styrkja morsmålet – Nytt landslag for norskundervisning.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *