Home>Hardanger>Alle dialektar like bra Skriftleg opplæring i dialekt som krav i dialektveke
Noregsmållag logo
Hardanger Målkamp Politisk Ymse

Alle dialektar like bra Skriftleg opplæring i dialekt som krav i dialektveke

— Det bør bli høve for elevane i dei lågste klassene til å skrive på dialekten før dei gradvis blir rettleidde til å skrive på normalmålet, heiter det m.a. i dialektplattforma til mållaga, som vart vedtekne på eit sams styremøte mellom Noregs Mållag og Norsk Målungdom i Oslo.

Noregsmållag logo
Noregs Mållag

Dei to styra vedtok å skipe til dialektveke denne vinteren med, og den landsomfattande dialektveka i mållaga skal vera frå 7. til 14. februar, fortel Nynorsk Pressekontor.
«Snakk dialekt — skriv nynorsk» er hovedparolen under dialektveka, som skal leggjast opp etter lokale tilhøve rundt om i mållaga. Det skal og vera samarbeid med medlemslaga til Noregs Ungdomslag.
I flygebladet som skal lagast til aksjonen er det lagt vekt på å bruke dialekten i alle samanhengar, og å krevja retten til å nytte han overalt. Det heiter at strid for dialektane er strid for
det nynorske skriftmålet. Det blir peika på at bydialektar ikkje er vulgærmål eller bokmål, men at både bygdemål og bymål er fullverdige dialektar.
På flygebladet som skal nyttast heiter det vidare at bokmålet undertrykkjer dialektane.
Noregs Mållag og Norsk Målungdom står saman om å krevja styrka norskopplæring i alle skuleslag, og dei to organisasjonane krev at dialektane skal vera utgangspunktet for norskopplæringa til borna.
Blant framlegga til arbeidsoppgåver for dei laga som skal vera med i dialektaksjonen, er m.a. å kunne trygge nynorsken som skulemål, gjera kjend ideen om skriftmålopplæring på dialekt i barneskulen, krevja betre norskundervisning og fleire innslag på dialekt og nynorsk i massemedia.
Mållaga skal gjere dette kjent ved husvitjingar, opne møte m.m.
HARDANGER Onsdag 19. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *