Home>Hardanger>Kva koster det å gå på folkehøgskule? Stipend kan dekkja heile skuleopphaldet
Hardanger folkehøgskule
Hardanger Skule Ymse

Kva koster det å gå på folkehøgskule? Stipend kan dekkja heile skuleopphaldet

Det er mange ungdommar, som ved desse tider lurar på kva dei skal gjere neste år, og tanken på ein folkehøgskule melder seg for mange. Da er det godt å vite at det er mange folkehøgskular å velje mellom -i det heile 88 stykke spreidd over heile landet, og i alt 370 i heile Norden.
Lova seier at ein skal vera fylt 17 år for å komme inn på ein norsk folkehøgskule, men mange folkehøgskular ønskjer at elevane skal vere noko eldre.

Hardanger folkehøgskule
Hardanger folkehøgskule

Men kva kostar, det å gå på folkehøgskule?
For eit skoleår på 33 veker varierer opphaldskostnadene frå kr. 6 600 og oppover, men det er gode stipend å få både frå lånekasse for utdanning og frå fylke og kommunene. Ungdommar som er under 20 år og kjem frå heimar med dårleg økonomi, kan få bortimot heile skole opphaldet dekt av stipendar.
Alle elevane får bortebuarstipend, som for tida er på kr. 2 700,- Og i tillegg kan alle søkje kommunen og/eller fylkesstipend. Alle over 20 år får grunnstipend på 900 kr og med bortebuarstipend vil det seie i alt 3600.- eller kring halvparten av skoleopphaldet.
Alle under 20 år kan søkje om behovsprøvd stipend og der økonomien er særleg dårleg kan det samla stipendet komme opp i 7 000 – 8 000 kroner og altså dekke heile skoleopphaldet.
Frå dette skoleåret av kan eg og søkje lån gjennom Statens lånekasse for utdanning til å gå på folkehøgskole.
Den som ønskjer å gå på folkehøgskole i eit anna nordisk land har høve ta å søkje både stipend og lån til dette på samma måte som om dei gjekk på norskfolkehøgskole.
Den som ønskjer meir opplysningar kan vende seg til informasjonskontoret for folkehøgskolen, 1320 Stabekk.
HARDANGER Onsdag 19. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *