Home>Hardanger>Ymse>Idrett>Atten bygningar for 12 000 idrettsfolk
OL-Moskva
Idrett Utanriks

Atten bygningar for 12 000 idrettsfolk

Olympiabyen i Moskva kjem til å ha eit flateinnhald på 1007 dekar, opplyser det sovjetiske pressebyrået

OL-Moskva
OL-Moskva

NOVOSTI. Området som er valt ut ligg svært bra til, berre 10-15 minutt å køyre til idrettsanlegga i Lusjniki, rosportkanalen og sykkel banane. Det er heller ikkje langt inn til sentrum i Moskva, skriv Nynorsk Pressekontor.

Planen er at det skal byggast 18 bygningar på 16 etasjar for dei 12 000 idrettsfolka som kjem til Olympiaden. Kvart husvere skal vere på to eller tre rom.

Etter at sommarleikane er slutt, skal innbyggjarane i Moskva få desse husvera. Eit friidrettsanlegg vil bli oppvarma før konkurransane og symjehallen skal ha åtte banar. Restaurantane og kafeane skal til same tid kunne ta imot 4000 gjester, og dei skal servere rettar laga etter oppskrifter frå mange land.

Det vil også bli opna butikksenter, hovudpostkontor, automatisk telefonstasjon, bank, poliklinikk og apotek.

I Olympialandsbyen skal deltakarane få sitt eige kultursenter med ein stor film og konsertsal og diskotek.

NPK

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *