Home>Hardanger>Ymse>Døde>Lokale hendingar og meldingar for 50 år sidan
Døde Fødde Hardanger Odda Kommune

Lokale hendingar og meldingar for 50 år sidan

Onsdag 5. januar
Herands Ørebank vart skipa 23. desember 1876, og er 100 år i desse dagar. Den første kasseraren var Ole Vassel. Han hadde banken i ei «tausakista». Etter den nye banklova har banken for liten lutmidel, og det er planar om omskiping til sparebank.
Jondal Ungdomslag er 25 år. Det vart skipa 8. desember 1901, og det vart halde jubileumsfest no 4. juledag. Lærar Torstein Hallaråker las prolog, lærar Ekre heldt festtalen, lærar Theodor Sandven fortalde lagssoga, og etterpå vart spelstykket «Friarsjau» framsynt. Det er ålvorleg på tale å stogga anleggsarbeidet på Voss-Eidebanen. Dersom det blir gjort, vil dei nedlagde millionane vera bortkasta, og det vil føra til stor arbeidsløyse, serleg på Voss.

Laurdag 8. januar
Spørsmålet om naturpark på Hardangervidda er ingen ny tanke. Men det ser ut til at han no har fått ny vind i segla, og me kan snart venta framlegg frå regjeringa om naturfreding av ein stor part av statsalmeninga. Det ser ut til at dei som arbeider med desse planane, trur at staten har full råderett over statsalmenningen. Men det er også andre som har rettar der.
Dei har og krav på å ha eit ord med i laget.

Onsdag 12. januar

Odda privatbank
Odda privatbank

«Odda Sparesamlag skifter no namn, som fylgje av den nye banklova og vert heretter heitande Odda By- og Bygdebank. Namnet er vedteke på omframt årsmøte 16/10 1926 og godkjent av bankinspeksjonen. Styret».
Søknad frå Odda Privatbank om å få skipa kassakontor i Tyssedal er avslegen av departementet. Tredje juledag gjekk to medisinske studentar frå Haugastøl over Vidda til Haukeliseter. Og det vart forrykande uver. Då dei ikkje var framkomne 3. januar, vart ein redde for at det hadde hendt dei noko. Men heldigvis hadde dei kome ned til Rjukan

Laurdag 15. januar
Kyrkjestatistikken for Odda 1926, syner at det er stifta 60 ekteskap og døypt 155 born.
Sorenskrivar H.P. Blix, Hardanger, er i siste statsråd ut nemnd til sorenskrivar i Eidsvoll skrivardøme. Han overtek om eit par månader.

Onsdag 19. januar
Førre vika heldt det på å henda ei drukningsulukke i Tyssedal. Ein 7 år gammal gut aka på kjelke utfor dampskipskaien. Heldigvis såg faren,politibetjent Holm det, og han hoppa uti og heldt guten oppe til folk fekk tak i båt.
Ein heimebrennar ute på Banhammar vart nyleg dømd til 24 dagar fengsel, som han no sonar på vatn og brød. Elles har politiet nettopp teke eit apparat i Kleivavika og funne eit brenneri i nærleiken av Rørgadal.

Laurdag 22. januar
I kveld går filmen «Brudeferden i Hardanger», som Rasmus Breistein tok opp i fjorsommar i Ullensvang, på grunnlag av Kristofer Jansons «Marit og Skjølte», på kinoen i Odda. Styraren seier at filmen blir spela i mange kvelder, så alle kan vera trygge på å få sjå han.

Onsdag 26. januar
«Skipingsmøte i Reinsdyrlaget på Folgefonnhalvøya vert halde på Utne søndag 6. februar. Jakob Utne».
«Kursus i moderne dans, charleston, vals, tango og foxtrot begynner 1. februar i Folkets hus lille sal. Vicky Karlslaug».
«Foreningen Nord-Norge arrangerer årets første karneval i Ungdomshallen søndag 6. februar Damer kr. 2,- herrer kr. 3,-. Et begrenset antall tilskuere kr.1,50»
HARDANGER Onsdag 19. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *