Home>Hardanger>Ymse>Henrik Krohn ville lytta bonden kulturelt: Eit 150-årsminne om patrisiarsonen frå Bergen
Henrik Krohn 1826-1879
Ymse

Henrik Krohn ville lytta bonden kulturelt: Eit 150-årsminne om patrisiarsonen frå Bergen

Forretningsmannen og diktaren Henrik Krohn, mannen som gjekk i brodden for den organiserte målrørsla og fekk skipa det fyrste mållaget i Noreg, Vestmannalaget, høyrde til ei av dei rikaste og mest på vyrde patrisiar-ættene innan handelsstanden i Bergen. Far hans, konsult Wollert Krohn, åtte forutan i Bergen, og store eigedomar i Fana, m.a. Stend, og der voks Henrik Krohn opp og lærde «strilemål», eller det gode bygdemålet i Fana, frå han var 8 til han var 16 år. Henrik Krohn vart overlag glad i bøndene og bondelivet, og han fekk tidleg den romantiske ideen at dersom han greidde å lyfta bøndene opp or armod og fåkunna, so var bønden den naturleg friske kjelda som vårt stagnerte samfund trong.

Henrik Krohn 1826-1879
Henrik Krohn 1826-1879

Dette sa redaktør Conrad Clausen i eit foredrag han heldt i Vestmannalaget fyrre kvelden, på eit minnemøte som laget skipa for opptaksmannen og fyrste formannen sin. Det er 150 år sidan Henrik Krohn vart fødd. Conrad Clausen peika på korleis liberale straumdrag frå Europa nørde opp under nasjonalitetstanken i Henrik Krohns unge år. Krohn og andre ungdomar drøymde om at Noreg på ny måtte verta ein vyrd nasjon, med sine eigne serdrag og sitt eige språk. I Bergen var det mange rikmannssøner som tok til å lesa gamalnorsk, og Jan Prahl vilde byta ut det danske skriftspråket med gamalnorsk. Men flokken kring Henrik Krohn (Georg Grieg, John Grieg. Johan Bever. W.H.
Christie, Herman Friele, Hjalmar Løbert, J.H. Ellerhusen, Edv. G. Johannessen, Kristofer Janson m.fl) gjekk inn for Ivar Aasen-normalen som var bygd på dei beste formene i bygde mål! og hadde sitt opphav i det norrøne. Denne flokken skipa Vestmannalaget i 1868.
Det voks snart til eit sterkt lag med 600 landsmenn. Bjørnstjerne Bjørnson kom dit, likeeins Ole Bull og Asmund Vinje kom og tala. Eit islandsk handelssamlag vart skipa, Håkonshalli vart sett istand etter ei innsamling som laget med Henrik Krohn i brodden stod for. Krohn sa at det var ikkje møtehus stort nok i Bergen til laget, difor måtte Håkonshalli atterreisast. Krohn gav ut bladet «Ferdamannen», eit vestnorsk motstykke til Vinjes «Dølen» og seinare «Fraa By og Bygd», og mange bøker elles, m.a. Ivar Aasens Norsk Ordbog For norrønt samhald gjorde han verk som det gror etter.
Men både økonomisk og i målreisingi møtte han motbør. Verst kjendest sidehoggi frå radikalarar som Olaus Fjørtoft og andre. Henrik Krohn flytte frå Bergen og til Stedje i Sogndal der han vart ein dugande fuktdyrkar, og dertil fyrstikk fabrikant På Stedje hadde han ei tid den største frukthagen i Skandinavia. På møtet las sokneprest Eigil Lehmann frå Henrik Krohns dikting, og Gustav Hantveit hadde eit godt handskrive blad med stoff om motstandsrørsla i Vossaveldet i okkupasjonstidi. Skulestyrar Besse Hønes styrde møtet.
HARDANGER Onsdag 19. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *