Home>Hardanger>Ymse>Målkamp>Lærarane må kunna meir og betre norsk meiner Studentmållaget i Bergen.
Målkamp

Lærarane må kunna meir og betre norsk meiner Studentmållaget i Bergen.

Lærarane i grunnskulen må ikkje få undervise i norsk med berre eit kort kurs på vel 20 timar i norsk, meiner Student mållaget i Bergen.
På halvårsmøtet til laget vart det vedteke ei fråsegn der det m.a. heiter at det vil føre til at lærarane får for lite norskkunnskapar, kjenne svært lite målføra og tilhøvet mellom dialektane og skriftmålet, fortel Nynorsk Pressekontor.

StudentMållaget Bergen
StudentMållaget Bergen

Studentmållaget krev pliktig fagstudium i norsk, minst ei halv årseining i lærarskulane for studentar som ikkje har grunn- eller mellomfag i norsk frå før. Lærarskulestudentane må og få skikkeleg innføring i målførekunnskap og tilhøvet mellom målføra og skriftmåla. Dei må setjast inn i målpsykologi, og korleis mål verkar i samfunnet. Pedagogikkundervisninga må byggjast mykje på studentane sine norskkunnskapar og korleis denne kunnskapen best kan nyttast i undervisninga.
Elevane må alltid få bruke sitt eige talemål. Læraren må gå ut ifrå talemålet på staden. Og i norskundervisninga må elevane lærast opp til å bruke eit skriftmål som ligg nærast opptil talemålet. Norsk er det viktigaste faget, og er særleg viktig fordi vi har to offisielle skriftmål, meiner Studentmållaget i Bergen. (NPK)
HARDANGER Onsdag 19. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *