Home>Hardanger>Språkformannen om Langslet-kritikken: – Skremande mangel på språkpolitisk kontakt.
Hardanger Målkamp Politisk Ymse

Språkformannen om Langslet-kritikken: – Skremande mangel på språkpolitisk kontakt.

Aviser og kringkasting har kunna melde om sterk kritikk frå Stortinget når det gjeld verksemda til Norsk Språkråd. Høgre sin kultur-førar, Lars Roar Langslet, kom med ein interpellasjon der han gjekk hardt ut mot verksemda til Norsk Språkråd. Han meinte mellom anna at visse innstillingar som Rådet har kome med uroar han, og at mange råd går på tvers av det Stortinget meiner, skriv Nynorsk Presse kontor.
— Er ikkje rådet lojalt overfor Stortinget, formann Leif Mæhle i Norsk Språkråd?
— Det fyrste inntrykket mitt etter å ha lese heile referatet frå Språkråd-debatten i Stortinge, var kor skeiv framstillinga til massemedia var, fyrst og fremst Aftenposten og TV. Der kunne ein få inntrykk av at heile Stortinget sto bak og vendingar som «skarp advarsel til Språkrådet», og innstramming av valfridom.
For det andre er eg noko forstøkt over at nokre av dei som hadde ordet i Stortings-ordskiftet har sett seg så lite inn i arbeidsstada til Norsk Språkråd.
Men hovudkonklusjonen etter ordskiftet må vera at Språkrådet ikkje skal arbeide under bundne mandat. Heller ikkje etter andre retningsliner enn dei som står i vedtektene og lovene for Norsk Språkråd. Statsråden streka i svaret sitt under at Rådet må stå fritt.
— Men er de ikkje underlagt Stortinget?
— Stortinget har drege opp retningslinene. Men vi står fritt i det faglege arbeidet. Og det gjekk tydeleg fram at Stortinget ynskjer vi skal halde fram med det konkrete faglege språkpolitiske arbeidet.
— Langslet meinte at det ikkje var nok fridom for statstilsette når det gjeld bruk av konservative ordformer?
— På den andre sida var det andre talarar, frå Senterpartiet og Sosialistisk Vestreparti, som meinte at vi har gått for langt i å tilrå liberalisering i språkvegen.
Det er sjølvsagt ikkje politilover med straff som følgje det er snakk om — men retningsliner — når Språkrådet har gått inn for å feste læreboknormalen til det offentlege tenestemålet. Vi kan ikkje godta at offentlege tenestemenn skal få hevde sitt målpolitiske syn gjennom det dei skriv i det daglege arbeidet sitt. Dei skal vera tenarar for samfunnet, ikkje språk politikarar. Dersom ein fyrst har fått ei fast norm for område som lærebøker og offentlege tenestemål, kan ein ha ei friare breinorm i andre høve.
— Korleis gjekk skiljelinene i Stortinget?
— Langslet sto etter mitt skjøn åleine om synet sitt saman med andre frå Høgre. Konservative representantar syner ein skremande mangel på kontakt med, og forståing for, dei språkpolitiske draga blant ungdomen i dag. I staden nyttar desse representantane ord som «motetenkning vi (nå) møter blant marxistiske språkideologer i student miljø». Ei slik oppfatning av andre tyder på mangel på kontakt med det som går føre seg ute i samfunnet.
— Korleis reagerer dei som sit i Språkrådet på slik unyansert vurdering som Langslet har kome med?
— Dagen etter debatten var det sterk ulming blant nynorsk medienene i rådet, og det vart ymta frampå om at nynorsk seksjonen burde trekke seg i protest. Om så hadde skjedd er det truleg ein del av bokmålsseksjonen hadde gått med.
— Korleis ser de det no etter å ha fått det heile referatet?
— Der går det tydeleg fram at Stortinget har tillit til Norsk Språkråd, og at dei fleste medlemene er samde i arbeidet vi gjer. Eg er nøgd både med det statsråden og Karstensen så. Den siste hadde fått innlegget sitt forvrengt i Aftenposten.
— Men de driv vel ikkje berre rettskrivingsspørsmål for offentlege tenestemenn og reglar for skulemålsrøystingar i rådet? — Noko eg har vore ulukkeleg for i mange år. er at vi så lite har lukkast å nå ut med det praktiske arbeidet vi dagleg driv med, av fagleg art. Det vi driv er språkvern for både bokmål og nynorsk overfor utanlandsk påverknad, vi driv rettleiingsteneste, og vi arbeider med ulike terminologiar, m.a. oljeterminologi.
Praktisk og fagleg språkrøkt vi eg kalle det
(NPK).
HARDANGER Onsdag 19. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *