Home>Hardanger>Ikkje noko som heiter: Bil køyrde utfor på grunn av glatt vegbane.
Hardanger Odda Kommune Ymse

Ikkje noko som heiter: Bil køyrde utfor på grunn av glatt vegbane.

Det må verta slutt på at politiet og avisene skriv at «Bil køyrde utfor vegen på grunn av glatt føre». Dette er noko stort vas. Det er føraren som har skulda for slike uhell. Det nyttar ikkje å oppheva naturlovene same kor god sjåfør ein trur ein er.

Dette erresultat av ein av dei mange utforkøyringane i vinter.
Dette erresultat av ein av dei mange utforkøyringane i vinter.

Det einaste som hjelper på glatt vinterføre er å avpassa farten etter føretilhøva. Det er sjåførlærar Ingvald Frøystein som seier dette til «Hardanger».
Det er skræmande å sjå kor likegyldige mange bilførarar er. Dei driv ikkje berre eit stort vågespel med sitt eige liv, men og med mange uskuldige liv. Tenk berre på kor stor skade det kan gjera når ein bil kjem med for stor fart gjennom ein sving og må ut i motsett køyrebane. Ein bil kjem imot og vi har ein front mot front kollisjon: Resultatet, uskuldige personar vert skada for livet.
Ingvald Frøystein meiner også at politiet ikkje tek hardt nok på slike trafikksyndarar. Folk som greier å øydelegga bilane sine totalt, slikt vi har hatt til felle av i vinter, burde verta fråteke sertifikatet for ei stund.
Politimeister Finn Steinkopf er samd med at det er ein uheldig formulering å seia at det glatte føre har skulda for trafikkuhella. Ved trafikkuhell der det er personskade og politiet kan påvisa uforsvarleg køyring vert det straffereaksjonar, oftast bøter frå 200-500 kroner.

HARDANGER Onsdag 19. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *