Home>Hardanger>Eidfjord kommune>Nytt skulestyre i Eidfjord
Eidfjord kommune Hardanger Politisk Ymse

Nytt skulestyre i Eidfjord

Førskuletiltak i Eidfjord —

Det nye Eidfjord skulestyre: Fra venstre: Johanna Fjetland, Åse Steiro, Marit Herland, Oddrun Sæbø, Ragnhild Herstad, Arnhild Næsheim og Gunvald Bu. (Ola M. Tveit og Astrid Garen var ikkje tilstade).
Det nye Eidfjord skulestyre: Fra venstre: Johanna Fjetland, Åse Steiro, Marit Herland, Oddrun Sæbø, Ragnhild Herstad, Arnhild Næsheim og Gunvald Bu. (Ola M. Tveit og Astrid Garen var ikkje tilstade).

Frå foreldrelaget ved Lægreid og Sæbø skular er det kome ynskje om at det vert starta førskuletiltak ved desse skulane. Det er og eit ynskje at dette vert sett i gang så snart råd er. Den praktiske løysinga av dette spørsmålet er at 6-årskullet får 3 timar 2 dagar for veka ved Lægreid skule og det same timetalet ved Sæbø skule gjennom skule året. Formannen i skulestyret, Arnhild Næsheim sa på skulestyremøte at 6 timar for veka kanskje ser litt lite ut, men det er mest rett å starta varsamt for å sjå korleis dette går. Sokneprest Kolbjørn Aske meinte at dette var eit viktig tilbod. Han håpa at dette ikkje ville verta noko konflikt til den påtenkte barnehageordninga i den nye arbeidskyrkja i Eidfjord, når den står ferdig. Skulesjef Sondof Rabbe sa at einaste konflikten han kunne sjå var at dei unge vert pressa inn i eit mønster i endå tidlegare alder.Av den grunn må dette tiltaket vera frivillig. Problemet er og transporten frå utkantane. Skyssutgiftene bør difor koma over det ordinære skulebudsiettet. Skulestyret vedtok at ein ber Eidfjord kommunestyre om å få løyve til å setja i gang førskuletiltak ved Lægreid og Sæbø skular med verknad frå 1. august 1977. Det vart også vedteke at ein nemnd på 3 personar, formannen i barneverns nemnda, John Sirnes, formannen i skulestyret, Arnhild Næsheim og formannen i skulerådet, Laila Tveit skal arbeida vidare med opplegget for førskulen.
AOF i Eidfjord
Eidfjord skulestyre har vedteke at så snart AOF-foreininga i Eidfjord har oversyn over kva kurs som kjem i gang, kan det sendast melding til styraren ved den skulen laget ynskjer å nytta til kursa sine. Skulestyret har også gjeve eit generelt løyve til å nytta undervisningsrom i skulane etter dei reglane som til kvar tid gjeld for slikt utlån.
Kombinert organist og musikklærar i Eidfjord
På eit samrådingsmøte mellom Eidfjord skulestyre og Eidfjord sokneråd er det vedteke å lysa ut ei stilling som kombinert organist/musikkleiar og musikklærar i Eidfjord. Stillinga skal lønast med 2/3 frå skulebudsjettet og 1/3 skal budsjetterast over kommunebudsjettet.
HARDANGER Lørdag 15. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *