Home>Hardanger>Odda Kommune>Oddingar til Kongsberg
Odda Kommune Ymse

Oddingar til Kongsberg

Fleire ungdomar frå Odda tok til å arbeida i Våpenfabrikken på Kongsberg siste året. Dei fekk opplæring i Yrkesskule her føreåt. Somme hadde noko

Kongsberg våpenfabrikk
Kongsberg våpenfabrikk

praksis i arbeid på verkstad attåt. Arbeidskontoret i Odda let oss få vita at dette er ein lekk i arbeidet med det nye industritiltaket på Eitrheimsneset. Kongsberg Våpenfabrikk legg grunnen til mekanisk industri med 100 arbeidsplassar der. Då kan 15-20 jenter få arbeid og. Ungdomar i Odda dreg til Kongsberg og øver seg i arbeid som dei sidan kan ta over i den nye fabrikken her når tida er inne til det.
HARDANGER Laurdag 15. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *