Home>Hardanger>Ymse>Hage/dyrking>LOT-småskrift om jordlopper
Hage/dyrking Hardanger Ymse

LOT-småskrift om jordlopper

Moderne rotvekstdyrking med serleg tunnsåing gjer dei spirande plantane svert sårnæm (or åtak av jordlopper, heiter det småskriftet «Jordlopper på Kål og rotvekster», som nyleg er ut gjeve av Landbruksdepartementet si opplysningsteneste.

Phyllotreta nemorum, ei jordloppe
Phyllotreta nemorum, ei jordloppe.
Bilete frå Wikipedia.

I småskriftet vert det gjort utførleg greie for dei ulike artane av jordlopper som tek på krossblomstra plantar. Me får m.a. veta at jordloppene overvintrar under visne planterestar, i hole stylkar, borksprekkar o.l. eller i sprekker i jorda. Når det vert vamt om våren, kjem dei fram og leitar seg fram til næringsplantane. Dei gneg små runde hol i blada, som regel frå oversida. Ved kraftige åtak kan plantene verta fullstendig oppetne. Somme gonger tek loppene spirene før dei kjem opp av jorda, så det ser ut som dårleg spiring. Nepa og reddikk vert til vanleg sterkare medfarne enn kålrot, og det er i tida kring oppspiring at fåren for øydeleggande åtak er størst.
Kål, og serleg blomkål, er utsett for sterke åtak straks etter utplantinga. Spesielt gjeld dette når ein plantar på små stykke, t.d. i hagar. Dersom jordkulturen er god og ein sår tidleg, er det best sjanse for at plantane når å utvikle varige blad før det vert noko større invasjon av lopper.
Men i distriktet der ein er van med åtak av jordlopper, er det likevel turvande å bruke kjemiske middel for å trygde plantane mot åtak. Småskriftet om jordlopper er gratis og ein kan få det på jordstyrekontora.
HARDANGER Laurdag 15. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *