Home>Hardanger>Espelid og valkampen i fokus under årsmøtet til Hordaland Venstre på Utne til helga
Hardanger Politisk Ullensvang Ymse

Espelid og valkampen i fokus under årsmøtet til Hordaland Venstre på Utne til helga

Det vert naturleg nok valkampen og Venstres fyrstekandidat, ordførar Mons Espelid frå Askøy,

Mons Espelid
Mons Espelid Frå Askøy

som vil stå i fokus under årsmøtet i Hordaland Venstrelag på Utne Hotel laurdag og sundag. Mons Espelid er eit heller nytt namn i politiske krinsar i Hordaland, sjølv om han no sit i ordførarstolen for Venstre i den folkerikaste landkommunen i fylket. Det knyter seg difor stor spaning til hans politiske hovudinnlegg under årsmøtet. For utan å markera startskotet for Venstres valkamp i Hordaland, vil dette innlegget vera utgangspunktet for ei grundig politisk
drøfting på årsmøtet. Ein vil også ta opp til handsaming det førebels utkastet til valkampopplegg som eit utval innan partiet har arbeidd med. Dei vanlege årsmøtesakene er denne gongen lagt til søndag. Fylkesstyret, med leiar John Nesheim frå Askøy i spissen, står ikkje på val i år. Derimot skal det veljast utsendingar til Venstres landsmøte i Bø i Telemark, helga 24.-26. april. Det er venta omlag 80 utsendingar til årsmøtet. Leiaren i Ullensvang Venstre, varaordførar Lars O. Bleie vil bera fram helsing til møtelyden frå vertslaget.
HARDANGER Lørdag 15. januar 1977

 

RETTING RETTING
I førre nummer av «Hardanger» stod det at Kåre Lutro er formann i Ullensvang Hagebrukslag. Det er ikkje rett. Frå 1. 11. 76 er Torgils L. Jåstad formann. Likeeins stod det at Lars Bleie er formann i Ullensvang Venstrelag. Det er Nils Magne Aanensen som er det.
HARDANGER Onsdag 19. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *