Home>Hardanger>Eit attendeblikk ved årsskiftet 1976-77, Fjordgubbe
Hardanger Ullensvang Ymse

Eit attendeblikk ved årsskiftet 1976-77, Fjordgubbe

Det året som gjekk var eit merkeår for folket i Ullensvang. Ein kan nemna fleire ting, men fyrst og fremst, at kommunen vart delt i to. Det er mange meiningar om dette var rett, men dei som gjekk inn for det på heradstyremøtet, dei vart no bedne inn som æresgjestar på fråskiljingsfesti. På festi gjekk det visst fint og sømeleg for seg, som han sa den guten som skulle fortelja om brudlaupet i Kanan på skulen. Då sa læraren, at det stod ikkje i hans bok.
Ja det er godt å ha bok. Det hadde dei visst ikkje på det heradstyremøtet, der dei med stort fleirtal vedtok å skilja seg. Det var ein som overraska dei med eit sokalla benkjeforslag. Han ville vel sjå kor kløktige dei andre var. Det synte seg, at dei gjekk på limpinnen. No heretter kjem alt til å verta bestemt på gruppemøtet. Heradstyremøtet er meir som ein skinnmanøver.
Men det er no ikkje noko som er so gale, at det ikkje er godt for noko. Det har no frå høgste hald vore hevda, at no skulle det verta skikkeleg godt samarbeid millom Eidfjord og Ullensvang.
Ja, det er ein fordel med skilsmisse soleis. Men det vil vel alltid verta ein strid om kven som er den største. Nett no held dei visst på å kvelast av fatigmanslukt der inne i Eidfjord. Men dei kan halda seg for nasa, so snur nok snart vinden den andre vegen att. Ein kan berre nemna ein enkelt ting, som gjev ein peikepinn om kven som ligg best an. Ordføraren i Eidfjod, har ikkje stort meir i løn, enn ordføraren vår fekk i tillegg, då me vart skilde. So har me i Ullensvang eit sterkt senterpartiinnslag, som eg ser dei skuldar for å vera nullskattytarar.
Ja, dei er mykje gåvne dei som er det, og slike folk vil klara seg i lengsto. I tillegg til det so har me bamsefar her og han arbeider gratis og vel so det. Det kan vel ikkje seiast om det dei balar med der inne i Eidfjord. Eg har høyrt, at det skal verta 7 000 kr. på kvar innbyggjar der inne i konsesjonspengar. Det høyrest bra ut, men det er berre i teorien. I praksis so får dei verdas dyraste straum, og konsesjonspengane får dei ikkje føling med, eller same føling som me alle har føling med oljerikdomen. Dertil vert det vel seinare å suga på labben, nett som folgefonnsbamsane gjer no. Staten gav, og staten tok, og statens namn vere lova.
Fjordgubbe.
HARDANGER Laurdag 15. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *