Home>Hardanger>Ymse>ULLENSVANG: 40 000 kr. til musikkopplæring
Ymse

ULLENSVANG: 40 000 kr. til musikkopplæring

Formannskapet i Ullensvang rår til at stillinga som organist/musikkleiar vert delt frå årsskiftet og at det vert oppretta ei rein organiststilling. Samstundes vert det rådd til å løyva 40.000 kroner til musikkopplæring i 1977. Ordninga med musikkopplæring skal administrerast av skulekontoret med fagleg hjelp av musikkrettleiaren. Vidare skal skulestyret velja ei nemnd som er ansvarleg for musikkopplæringa. Tiltaka ein vil prioritera er: notekurs og aspirantopplæring i Ullensvang Musikklag og Nå Musikklag, musikkgrupper for småborn og ungdomsskuleborn på Hauso og individuell opplæring på eit eller fleire instrument.
HARDANGER Lørdag 15. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *