Home>Hardanger>Ymse>Hage/dyrking>Ope brev til Standariseringsforbundet fra formannen i Ullensvang hagebrukslag, Kåre Lutro
Hage/dyrking Hardanger Målkamp Politisk Ullensvang Ymse

Ope brev til Standariseringsforbundet fra formannen i Ullensvang hagebrukslag, Kåre Lutro

Ope brev til Standariseringsforbundet fra formannen i Ullensvang hagebrukslag
Nye standardreglar for frukt, bær, grønsaker og poteter.
Fruktdyrkarane i bygdene her er no vortne kjende med brevet Dykkar frå 13. des. f.å. Det går der klårt fram at De ikkje kan (vil?) etterkoma kravet vårt om at Norsk Standard for frukt i og bær 2800-2811 denne gongen skulle redigerast på nynorsk.
På våre kantar av landet har me lenge no rekna nynorsk for å vera fullt tenleg også til skriftleg bruk. Etter det eg kan sjå kjem 4 av standardiseringskomiteen sine 7 medlemer frå statlege organ og bør såleis rå over båe målføre. Formannen er statstenestemann. Det er difor undarleg å sjå den stutte grunngjevinga for avslaget, «p.g.a. vanskene med en rett juridisk/teknisk redigering på et annet målføre og av økonomiske grunner».
Eg vil be N.S.F. og standardiseringskomiteen grunngje nærare kva som ligg attom uttrykka juridisk/teknisk og økonomisk i dette tilfellet, og kva som gjer nynorsk ubrukeleg. Me er mange i fruktbygdene på Vestlandet som ser fram til svaret Dykkar.
Lofthus, 14. januar 1977.
Kåre Lutro.
HARDANGER Lørdag 15. januar 1977

RETTING RETTING
I førre nummer av «Hardanger» stod det at Kåre Lutro er formann i Ullensvang Hagebrukslag. Det er ikkje rett. Frå 1. 11. 76 er Torgils L. Jåstad formann. Likeeins stod det at Lars Bleie er formann i Ullensvang Venstrelag. Det er Nils Magne Aanensen som er det.
HARDANGER Onsdag 19. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *