Home>Hardanger>Ymse>SUNDAGSTANKAR – Partistrid i religionen
Ymse

SUNDAGSTANKAR – Partistrid i religionen

Partistrid — ja, det fins det mykje av i religionen si verd. Dei ulike verdsreligionane tevlar om kven som best har klart å finna sanninga om Gud og dei avgjerande spørsmål i livet. Til og med dei ulike kyrkjesamfunna innan Krist-kyrkja krev å eiga den heile og fulle sanninga, ofte på dei andre sin kostnad. Kven kan ikkje verta både fortumla og rådvill når så mange og ulike religionar og kyrkjer krev å kjenna den eine sanninga. Men ingen skal likevel trenge å vera i tvil om kva Bibelen lærer om dette. Den verkelege sanninga om Gud og dei avgjerande spørsmål, finn me berre ein stad: hos Jesus Kristus. «Den som vil gjera hans (Guds) vilje, han skal få røyna om læra er frå Gud, eller om eg har henne frå meg sjølv», seier Jesus. Jesus utfordrar oss til eit eksperiment. Det går nemleg å vinna over religiøs rådville når ein set sanningsinnhaldet i Jesu ord på prøve. Det er som Jesus seier: Prøv, gjer Guds vilje, så skal du få sjå at Gud står attom orda mine. Det er verkeleg eit utfordrande eksperiment. Men det er og knytt store lovnader til dette eksperimentet. Du skal verkeleg få røyna at læra er frå Gud, hevdar Jesus. Det er sanneleg ingen liten påstand. Men korleis har det så gått med den som har våga dette eksperimentet? Det kan du finna ut når du les i Det nye testamentet. Der kan du sjå korleis sanningsinnhaldet i Jesu lære omskapar læresveinane hans. Frå å vera ein motstrevande og lite truande flokk utviklar dei seg til brennande og truande verdsmisjonærar. I fylgje med Jeus hadde dei fått røyna at læra åt Jesus verkeleg var frå Gud. Inkje kunne rikka ved den vissa hos dei fyrste truande. Fleire av dei enda livet sitt som martyar, blodvitne, for denne trua. Det same har hendt mange andre, heilt frå Jesu tid og ned til våre dagar. Vegen til sanninga om Gud er den same for menneska i dag. Du må slå deg i lag med Jesus og høyra kva han har å seia deg. Lev på Jesu ord, og du skal få røyna at dei er sanne. Men å ta Jesus på ordet er ikkje noko ufarleg eksperiment. Han kan koma til å krevja heile deg: meiningane dine, orda dine, gjerningane dine. Han let deg ikkje få meine at alle vert sæle i si tru.Det går heller ikkje å orsaka seg med dei mange kyrkjesamfunn og religionar. Jesus kallar deg fram og for pliktar deg på sanninga i ordet sitt Men det er inga tung og trugande forplikting. Det er ei glad forplikting, fordi du høyrer til på sanninga si side. Torer du lata deg forplikta av Jesu ord?
Lars Berge

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *