Home>Hardanger>Ymse>Målkamp>Målgåva for 1976 slo alle rekordar.
Målkamp Politisk Ymse

Målgåva for 1976 slo alle rekordar.

Etter den siste finteljinga på Skrivarstova til Nynorsk Mållag ved nyttårsleitet syner det seg at målgåva har sprengt alle skjema og budsjett i året som gjekk. Styret i Noregs Mållag sette seg som mål å få inn 270 000 kroner i 1976, men skar seinare ned summen til 230 000 etter at målgåva gjekk noko tregt fyrste kvartalet.

Noregsmållag logo
Noregs mållag logo

Tala for 1976 syner at det kom inn heile 329 824,92 kroner i målgåve. Då er alle økonomiaksjonane og tekne med. Dette er vel 100 000 kroner meir enn i 1975.
Det er nok det ålmenne oppsvinget i målrørsla og den stigande interessa for målarbeidet som er hovudårsaka til det storfine resultatet, seier skrivaren i Noregs Mållag, Olaf Almenningen, til Nynorsk Pressekontor.
Berre på landsmøtet vart det samla inn 25 000 kroner, jubileumsgåva i vår gav omlag 50 000 og økonomiaksjonane i lokallaga våre vart og sers vellukka med om lag 70 000 kroner i alt. Berre i dei to månadene november og desember 1976 kom det inn 104 699,15 åleine i samla målgåve! Vi hadde ei løynleg von om å nå 100 000, men ikkje ein gong dei største optimistane hadde rekna med så mykje. 1976 vil gå inn i målsoga som det store målgåveåret, seier skrivaren i Noregs Mållag, Olaf Almenningen. NPK.
HARDANGER Lørdag 15. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *