Home>Hardanger>Ullensvang>6 stillingar vert inndregne: Mannskapsplan for kommunale etatar i «rest»-Ullensvang
Ullensvang Ymse

6 stillingar vert inndregne: Mannskapsplan for kommunale etatar i «rest»-Ullensvang

På møtet 20. januar skal Ullensvang heradsstyre, handsama framlegget, til mannskaps planen for dei kommunale etatane.

Logoen til Ullensvang herad
Logoen til Ullensvang herad

Mannskapsplanane inneber inndraging av i alt 6 stillingar. Desse stillingane er husmorvikarstilling og oppsynsmann-stilling ved teknisk etat. Båe desse stillingane vert overført til Eidfjord. Vidare tek 4 stillingar der det for tida ikkje er tilsett folk: 2 utearbeidarstillingar ved teknisk etat/skogreisinga, stilling som trekkontrollør ved heradskassen og stilling som landbruksvikar (saman med Odda):
SOSIALKONTORET i Ullensvang har i dag 3 stillingar; sosialsjef, sjukepleiarsjef og kontorassistent, i 1/2 stilling. I tillegg kjem personale til heimehjelp, heimesjukepleie og husmorvikarverksemda. Sjølv om fråskiljinga av Eidfjord fører til nedgang i arbeidsmengda ved kontoret, finn ikkje administrasjonsnemnda det rett åredusera talet på stillingar. På den andre sida vil ein ikkje imøtekoma sosialsjefen sitt ynskjer om betre bemanning. Etter at adm.nemnda handsama saka er det kome nye regiar om at det vert større statstilskot til drift av sosialkontora dersom bemanninga er etter retningslinene staten set opp. Etter desse retningslinene får Ullensvang sosialkontor for dårleg bemanning dersom ein framleis skal ha like mange tilsette som før. Formannskapet rår likevel til at ein held på same mannskapsstyrke som no, men gjer det samstundes klårt at ein i 1978 vil setja i verk tiltak som oppfyller minstemålet for å få statstilskot.
VED HERADSKASSEN har ein i dag 4 stillingar: Heradskasserar, 2 kontorfullmektige og kontorassistent. Vidare er det oppretta stilling som trekk-kontrollør. På grunn av heradsdelinga er det ikkje tilsett folk i stillinga og det vert rådd til å dra stillinga attende fordi arbeidsmengda minkar etter heradsdeling.
SKULEKONTORET har i dag skulesjef og kontorassistent. Vidare er det ei 1/2 stilling som pedagogisk konsulent men det er for tida ikkje tilsett folk i stillinga. Skulekontoret har vore underbemanna og sjølv om Eidfjord vert fråskilt, vert arbeidsmengda ved kontoret lite redusert. Ad ministrasjonsnemnda kan like vel ikkje rå til at at talet på tilsette vert auka på grunn av den vanskelege budsjettsituasjonen. Formannskapet rår etter dette til at ein held på same mannskapsplan som no, men meiner at lønsmidlane til pedagogisk konsulent mellombels kan nyttast til kontoradministrativt personale om skulestyret ynskjer det.

JORDSTYREETATEN
i Ullensvang har no heradsagronom, heradsgartnar og heradsgartnarassistent saman med Odda og i tillegg er det tilsett jordstyreteknikar. Administrasjonsnemnda og formannskapet vil halda fast på denne skipnaden, men meiner Eidfjord kan vera med i samarbeidet om dei tre førstnemnde stillingane om kommunen ynskje det. Formannskapet meiner elles at ein i landbruksvikarsamarbeidet med Odda førebels berre ber til setja ein landbruksvikar.
SKOGREISINGSKONTORET
har 2 skogreisingsleiarar og det vert rådd til at ein skal halda på denne mannskapsstyrken og eventuelt koma til samarbeid med Eidfjord om skogreisings arbeidet. I formannskapet gjekk Johannes Skarset inn for at det berre skal vera i skogreisingsleiar og at ein av skogreisingsleiarane vert overført til teknisk etat som formann for utearbeidarane. Fleirtalet i formannskapet (5 av 6 repr.) gjekk inn for at det skal vera 2 skog reisingsleiarar og at dei tilsette administrativt skal vera underordna kontorsjefen. Vidare meiner ein det må vurderast om ein ikkje skal ha berre 1 fagleg og administrativ leiar av skogreisingskontoret.
FORMANNSKAPSKONTORET
vil etter framlegget frå administrasjonsnemnda få same bemanning som no. Det vert i den samanheng peika på at det er viktig med eit godt utbygd formannskapskontor for å makta oppgåvene som skal gjennom førast i Ullensvang. Bemanninga ved formannskapskontoret vert dermed slik: kontorsjef/ generalplanleggar, formann skapssekretær, 1/2 stilling som kontorfullmektig og kontorassistent.
TEKNISK ETAT
I administrasjonsnemnda var det usemja om bemanninga ved teknisk etat. Fleirtalet i nemnda sitt framlegg, som og formannskapet gjekk inn for inneheld desse stillingane: kommuneingeniør, avdelingsingeniør, 2 assistentingeniørar, kontorassistent, 2 utearbeidarstillingar og 1 deltidsstilling for utearbeidar. 2 andre utearbeidarstillingar der det ikkje er tilsett folk vart trekt attende, likeeins er oppsynsmannstillinga. Mindretalet i adm. nemnda, Arvid Bjerkestrand. gjekk inn for å skjera ned talet på stillingar ved teknisk etat. Fleirtalet peika på si side på at det trengst folk til å løysa oppgåvene som ventar i Ullensvang.

HARDANGER Lørdag 15. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *