Home>Hardanger>Hagens Bokhandel, Odda: Stor auke i boksalet dei siste åra, mindre i 1976
Hardanger Odda Kommune

Hagens Bokhandel, Odda: Stor auke i boksalet dei siste åra, mindre i 1976

Ola O. Hagen A/S Bokhandel er største bokhandelen i distriktet. Handelen vart grunnlagd i 1911, men starta i 1890-åra. Denne bokhandelen

Storsal av Jon Bleie
Storsal av Jon Bleie sine bøker i Sørfjorden

er stor også i landsmålestokk, fordi han har så stor omsetnad av bøker.
Ola O. Hagen som no driv bokhandelen, seier at bokhandelen har stor omsetnad i høve til folketalet. Opplandet er Sørfjorden med omlag 15 000 menneske. Og forutan vår bokhandel, er det to til i distriktet, så ein kan seia at folket her er svært bokinteresserte og flinke å kjøpa bøker. Me har ein omsetnad som gjer at me kjem i gruppe F mellom bokhandlarar, d.v.s. at me skal vera fullassortert og pliktar å skaffa mest alle norske bøker som kjem på marknaden.
På spørsmål om korleis omsetnaden av vore dette siste året, svarar Hagen at det har vore ein veldig auke i boksalet dei siste åra, men denne auken har ikkje vore så stor i 1976. Ein kan seia at det heller har vore ein stagnasjon då. Grunnen kan vera at me ikkje har hatt nokon bestseljar å by fram som Gerhardsen og Leirfall sine bøker. Dei sette prikken over i-en før om åra.
-Kva bøker har gått best i år?
-Jon Bleie sine har slege alle rekordar, begge bøkene hans ligg nokså jamt. Dei neste ligg langt etter, men me kan nemna at Randi Bratteli, Richard Hermann, Jan Otto Johansen og Halldis Moren Vesaas sine bøker går godt. Norges Historie sel og godt. Men nokon bestseljarar utanom Bleie sine bøker har me ikkje hatt i år.
Korleis har salet på barnebøker og biletbøker vore?
Mange kjøper barnebøker, helst framfor jol. Mest har me selt Anne-Kath Vestly sine bøker. «Smørbukk», «Tuss og Troll» og «Vangsgutane» har me seld ei mengd av. Likeeins har det vore stort sal av jolehefter, og her leiar «Hardangerjol» og «Joletre» stort.
HARDANGER Onsdag 12. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *