Home>Hardanger>Eidfjord kommune>Villeiande meiningsmålingar
Eidfjord kommune Hardanger Jondal Kvam herad Odda Kommune Politisk Ullensvang Ymse

Villeiande meiningsmålingar

Gallup-parodien skal halda fram enno ei stund. Norges Markedsdata har nemleg sett bukken til å passa havresekken, eller med andre ord, spurd partia om dei skal godkjenna DNF sitt framlegg om eit ekspertutval til å studera metodane deira, eller om dei skal halda fram som hittil i 1977. Kva motiv eller vurderingar som er grunnen til at dei fleste partia er så velnøgde med gallupen slik han er i dag, skal vera usagt. Men dette velnøgde kan ein ikkje sjå som noko argument i ordskifte om den faglege kvaliteten i det arbeidet Norges Markedsdata gjer. Me er forundra over den måten NM har handsama DNF sin kritikk på, og me seier oss mykje lei for at dei ikkje har gått med på eit ekspertutval, både av omsyn til seg sjølv, og for å reisa opp att publikum sin tillit til meiningsmålingane.
Når ein les dette er nok desembergallupen komen. Vil den føre til like alvorlege kommentarar i TV og pressa på eit like sviktande grunnlag som novembergallupen? Det paradoksale i situasjonen er nemleg at medan dei tala som er offentleggjort i pressa syner ein heller stor tilbakegang for Ap og framgang for Høyre, ville den andre utrekningsmåten gje eit stikk motsett bilete. Det som eigentleg hende i november var at Gallup mellom dei spurde ikkje fann så mange for mange personar som hadde stemt Ap i 1973, som dei hadde funne tidlegare i 1976. Derimot fann dei alt for mange H-veljarar, og når dei attåt det fann for få H-veljarar i månaden før, måtte det føra til ein sterk framgang for Høyre slik galluptala vert ut rekna idag. Alle mishøve i ut valet, slår beinveges ut på barometeret. Vilkåra for at Høgre får ein stor tilbakegang i desember er derfor stor. Ap kan framleis gå attende, sidan Gallup endå finn for mange per sonar som røysta Ap i 1973. Det er langt att til dei to utreknings måtane gjev same resultat for Ap. Ei ekstra uvisse med desembergallupen er at utvalet denne månaden er berre halv parten av det det plar vera, nemleg berre 500-600 personar.
Like mykje som galluptala i dag kanskje gjev eit heilt feilak tigbileteavstyrketilhøvamellom dei sosialistiske og ikkjesosialis tiske partia, er tala for dei ein skilde parti like vill-leiande. I tillegg kjem at partia ikkje vert handsama på same måten, som me vert justert skeivskap, medan andre ikkje. Kva dete har å seia for dei einskilde par tia, vil me illustrera med nokre døme.
For både Kr.F. og DNF finn Gallup kvar einaste månad for få veljarar frå 1973. Medan Kr. F. vert justert for denne skeiv skapen, i utvalet, vert DNF ikkje justert. I november fekk Kr. F. 12,5%, medan dei utan justering ville fått 8,9%. DNF fekk 1,9% medan dei med justering ville ha fått 3,2%. Slik ville biletet vore i heile 1976, Kr. F. 8-10% utan justering, DNF 3-5 med justering. Det vart eit noko anna tal enn det Galluptala gjev. Sidan Gallup konsekvent finn for mange Ap og H-veljarar i utvalet, får desse partia høgare tal utan justering enn dei ville ha fått med justering for skeivskapen i utvalet.
Me vonar at denne fullsten dige forvirringa i meiningsmål ingane vert retta på i god tid før stortingsvalet, slik at ikkje eventuelt feile galluptal skal på verka røystinga åt veljarane. Det er ikkje tlfredsstillande å høyre dir. Bålstad sei at hah er ekstra spent på valresultatet til hausten. Det syner vel eigentleg kor lite han sjølv lit på dei tala han serverar kvar einaste månad.

HARDANGER Laurdag 12. januar

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *