Eidfjord kommune Hardanger Jondal Kvam herad Odda Kommune Politisk Ullensvang Ymse

Folkestyre

Den engelske tenkjaren John Locke utforma i si tid læra om folkesuvereniteten som i stutte drag gjekk ut på at all makt i samfunnet måtte gå ut frå folket. Desse tankane har slege ned i folket vårt og vorte grunnfesta der.
Etter siste verdskrigen er folk med dei mest ulike samfunns syn samde om å hylla det demokratiske samfunnsidealet. Når folk med heilt ulik politisk syn likevel prisar demokratiet, kjem det vel av at dei legg ulik meining i ordet. Språkleg tyder demokrati rett og slett folkestyre. Men me veit og at folkestyre kan ein tenkja seg på fleire måtar.
Den amerikanske presidenten Abraham Lincoln sa om folkestyret at det er «eit styre av folket, ved folket og for folket». Det vil seia at styret skal vera skapt av folkeviljen, folket skal sjølv ta hand om styret, og det skal vera til gagn for folket.
Vidare høyrer det med til eit sant folkestyre at fleirtalsviljen er avgjerande, men at ein og tek omsyn til mindretalet i sine av gjerder. Viktigaste retten er retten til kritikk, at ein har tale og prentefridom, og at alle saker som vedkjem samfunnet, skal vera offentlege, slik at alle har høve til å skaffa seg kunnskap om alt det styremaktene gjer og kunna kritisera det som vert gjort.
Ein slik styreskipnad er ikkje lettvint og effektiv. Den mest effektive styreskipnad er å ha ein sterk mann eller eit råd til å ta avgjerdene. Men me vil ikkje ha ein slik styreskipnad av mange gode grunnar, som me ikkje skal koma inn på her.
Derimot vil me gjerne peika på at demokratiet slik me praktiserar det i dag, ikkje gjev folk kjensle av dei er med i samfunnsavgjerdene slik ein helst ville ynskja det. Kvart fjerde år vel me stortingsmenn, men sidan i valbolken, har me ikkje stort me skulle ha sagt. Sjølvsagt har me høve til å kritisera det som vert gjort, me kan hevda vårt syn i tale og skrift. Dette er mykje verdfullt.
Ikkje alle land har det slik. Men dei aller fleste av oss gjer seg ikkje nytte av denne retten, me slår oss til tols med at det nyttar ikkje. Dessutan vert ekspertveldet sterkare og sterkare, særleg der samfunnsmaskineriet vert stort og innfløkt.
Som det er på landsplanet, slik et det og på det lokale planet. Me vel heradsstyret kvart fjerde år. Så er me ferdig med det, og så let me politikarane ordna som best dei kan med sakene.
Ofte kan me kjenna oss hjelpelause. Sakene vert av gjorde over hovudet på oss. Me les i blada om det og det vedtaket som er gjort, utan at me på nokon måte har hatt høve til å uttala oss eller vore med å på verka avgjerda.
Det er derfor gledeleg å sjå at det er gjort opptak til at veljarane skal få vera meir med å seia si meining i viktige saker som skal opp i heradsstyret. Tanken om grendeutval som Venstre i Ullensvang vil freista realisera
— sjå førre nr. av «Hardanger»
— vil me stø så godt me kan.
Her har lokalblada ei viktig oppgåve. Dei kan hjelpa til med å gjera sakene kjende for folk. Grendeutvalet kan ta saker som skal opp i heradsstyret, opp til drøfting, kanskje fer formannskapet gjev si innstilling. Etter at formannsskapet har gjort sine framlegg, kan grendeutvalet ha høve til å kritisera dei og kome med merknader, fer sakene skal opp i heradsstyret.
Her må lokalpressa ha ei viktig oppgåve å formidle dei ulike syn. Også etter at heradsstyret har avgjort sakene, må dei som er usamde koma meir til orde i pressa enn dei gjer i dag. Ein roleg og sakleg debatt i pressa, skulle berre vera av det gode. Ei slik meiningsbryting vil vekkja meir interesse for styre og stell i heradet, og halde folk politisk vakne, og gje dei inntrykk av at det nyttar å stri for det ein meiner er rett. Og eit politisk vake folk er det beste grunnlaget for eit sant demokrati.

HARDANGER Laurdag 12. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *