Home>Hardanger>Eidfjord kommune>Nytt stoff og nytt syn i nytt historieverk
Eidfjord kommune Hardanger Jondal Kvam herad Odda Kommune Ullensvang Ymse

Nytt stoff og nytt syn i nytt historieverk

«Historien må stadig skrives på nytt», skreiv den kjente historiekaren Ernst Sars for eit hundreår sida. «Den fremmadskridende udvikling giver bestandig nye synspunkter å se den fra». Dette er nok ein av grunnane til at Cappelens forlag no gjev ut Norges historie — i heile 15 band — berre vel eit ti år etter at Aschehoug gav ut eit liknande verk. Vel så viktig er det kanskje at historiegranskinga stadig gjer nye oppdagingar og kjem fram til nye resultat som først gjer historiebøkene forelda. Og å gje ut historieverk er god forretning. Historie er i dag folkelesnad og bindesterke praktverk gjer seg godt i bokhylla. Den salgssuksessen som dette nye verket ser ut til å få, tyder på at Capelen ikkje har satsa feil.

Dei tre banda som er komne, gjev ikkje grunnlag for ei samla vurdering, men her er så mykje nytt både i stoff og synsmåtar at det fortener å bli allment kjent. Tidsramma er monaleg utvida, og verket har delvis sett seg nye mål. Historia til Ola Nordmann er forlenga bakover med 3 000 år, og til jordbruket med 1 500. Og samtidshistoria har fått større vekt. Eitt band tar for seg etterkrigstida og går fram til idag.

At norsk historie er historia om folket og ikkje først og fremst om dei som har sete på toppane, er ikkje noko nytt. Norsk historieskriving har lange demokratiske tradisjonar. Men her er lina ført vidare. Busetnad, demografi, næringsliv og levekår har fått stor plass, og det er lagt stor vekt på å få fram dei lokale variasjonane. Gledeleg er det å sjå at den intense lokalhistoriske granskinga etter krigen har nedfelt seg i eit rikshistorisk verk. Fleire av forfattarane har før arbeidd med lokalhistorie, og det har sett rike frukter. Ein møter folket under skiftande forhold og kår, og mange problem har kunna løysast ved djupgransking innafor eit avgrensa område.

At den sosiale og økonomiske utviklinga i tidleg historisk tid, gjekk frå eit relativt einsarta og sjølveigande bondesamfunn til sterk sosial lagdeling med herre og træl, er sakte gamal skulekunnskap. Men professor Kåre Lunden har i bandet «Norge under Sverreætten, 1177-1319», gjeve seg i kast med å finne ut kva folk har hatt i matfatet på den tida, kor stor den samla produksjonen har vore, og den gjennomsnittlege kalorimengden kvar har hatt å forsyne seg av. Kjeldegrunnlaget er spinkelt, og tala kan sikkert diskuterast, men metoden som byggjer på lokale granskingar, kan sikkert førast vidare.

Artig er det å sjå koss mangt som for berre nokre ti-år sia var godkjende historiske sanningar, no held på å hamne på skraphaugen. Borgarkrigstida er vel den tidbolken i vår historie som har reist dei mest omdiskuterte problem. Ei tid var det god latin å langt på veg forklara borgarkrigane som klassekamp. Det er eit syn som Lunden kontant avviser. Borgarkrigane var eit maktspel på toppen, over hovudet på folket som fekk betala rekninga. I den grad bonden var innblanda, heldt han med den som til kvar tid gjorde han minst skade. Klassekampmodellen har visst sett sine beste dagar som forklaringsmåte. I staden lar den udogmatiske historiegranskaren kjennsgjerningane tala.

Og eit svært omstridd spørsmål har vore om geniet i kongerekkja, Sverre prest, var den han ga seg ut for: ein kongeboren. Ei tid var han det. Så kom Koht og påviste at Sverre umogeleg kunne vera det, men at han trudde det sjølv. Her har Lunden ført lina til endes. Sverre var son av ein skomakar på Færøyane, og visste han var det. Men kjeltringen Sverre var i stort og godt selskap. Lunden listar opp ei lang rekkje med svindlarar i det geistlege hierarkiet som har gjort Guds kyrkje og seg sjølve rike og mektige med fusk og fals, og det med aller beste samvit. Dei tente ei god sak.

Og ikkje stort betre medfart får hertug Skule, han som Ibsen lar tvile på seg sjølv og si sak fordi han ingen kongstanke hadde, men han som Koht kallar «i sanning ein stor statsmann». Her står nok Lunden nærare Ibsen. Han tar Skule nedatt frå pidestallen og plasserar han blant dei mange som i denne ulvetid berre trådde etter makt og ære. «Norges historie» har fått eit vakkert utstyr og er rikt illustrert. Men først og fremst for svarar verket plassen i bokhylla som rikt og tankevekkjande lesestoff. Kristen Svarteberg. (I Vest Telemark Blad) Norges historie Hovedred. Knut Mykland.

 

HARDANGER Laurdag 12. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *