Home>Hardanger>Formannskapet i dag: Fritaking av kommunal renovasjon
Hardanger Odda Kommune Politisk Ymse

Formannskapet i dag: Fritaking av kommunal renovasjon

Skal ein ikkje ha lov til å sleppa den kommunale renovasjonsavgifta når ein meiner at ein kan nytta alt hushaldsavfallet til dyrefor og til

Bossdunken til Stana
Torkjell L. Stana Prøver verta kvitt renovasjonsavgifta

kompostjord, og då ikkje har av fall å levera til det kommunale bossbrenningsanlegget? Ja, det skal for mannskapet i Odda ta standpunkt til i kveld: Saka gjeld Torkel L. Stana som heilt sidan det vart innført tvungen renovasjon i Odda kommune, har nekta å betala den pålagte avgifta og heller ikkje har levert avfall.
Torkel L. Stana seier til «Hardanger» at han sa frå til kommunen då det skulle innførast tvungen renovasjon at han ville ikkje vera med på denne ordninga då han ikkje hadde avfall å levera. Alt avfallet som kan nyttast vert brukt til husdyrfor, resten går til kompostjord. Det har difor ikkje vorte henta avfall hjå han, og alle sekkene som er vortne levert ut har han sendt attende til kommunen like heile som då han fekk dei.
Stana har tidlegare søkt om å verta friteken frå renovasjonsordninga, men dette er ikkje innvilga av renovasjonsnemnda. Han har difor ikkje betalt inn den faste renovasjonsavgifta, og kommunekasseraren har trekt avgifta frå tilbake betalt skattepengar. Dette meiner Stana ikkje er rett. Teknisk utval i Odda har handsama søknaden om fritaking av renovasjonsordninga og tilrår av prinsippielle grunnar at søknaden ikkje kan anbefalast. Ein grunngjev dette med forskriftene for renovasjon i Odda der det heiter at «huseigarar har plikt til å la kommunen sørgja for hushaldningrenovasjon og skal betala den årlege avgifta som er fastsett av kommunen. Kontorsjef Ulf Seter støttar denne innstillinga frå teknisk utval.
Eg er ikkje mot ordning med kommunalrenovasjon, men når eg ikkje har avfall å levera, meiner eg det er feil at eg skal betala for eit gode eg ikkje har bruk for. Det er klart at renovasjonsordninga er naudsynt i tettstader, men utover på bygdene der ein kan gjera nytte av alt avfallet burde ein heller vorte premiert for at ein kan nytta det, i staden for at det vert utpantingar.
For meg ser det ut som om byråkratiet har teke overhand seier Torkel Stana. Når avsidesliggjande gardar som Åse og Reinsnos ikkje er med i den kommunale renovjsjonen, burde ein vore litt meir velvillige med oss andre utkantane og, seier Stana.
HARDANGER Laurdag 12

. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *