Home>Hardanger>Eidfjord kommune>Tone Moger i Eidfjord: Kva med likestilling i nemnder og råd?
Eidfjord kommune Hardanger Politisk Ymse

Tone Moger i Eidfjord: Kva med likestilling i nemnder og råd?

Det var ei lang saksliste medlemmene i Eidfjord kommunestyre skulle koma gjennom på det fyrste møtet etter

Kommunestyre Eidfjord 1977
Kommunestyre Eidfjord 1977

at Eidfjord vart eigen kommune frå 1. Januar. Det stod 46 saker på sakslista, og dei fleste sakene gjekk greitt unna. Over 30 av sakene var val til ymse styre og råd. I samband med desse vala tok Tone Moger (Ap) ordet som einaste kvinnelege representant i kommunestyret. Ho tok utgangspunkt i val av forliksråd der sin skulle velja 3 medlemmer. Frå formannskapet var det framlegg om 3 menn til dette rådet.
—Slike framlegg finn vi att i nesten alle nemnder og råd som har med eigendom å gjera, medan skulestyre og heimstellnemnd til dømes har eit stort fleirtal av kvinnelege representantar.
Ho viste til ei orientering frå departementet der det heiter at ein så godt det let seg gjera, må passa på at begge kjønn vert likt representert i dei ymse styre og råd.
Lars K. Myklatun var samd med Tone Moger at ein burde fått betre fordeling mellom kjønna og han trudde at alle i salen var samd om at neste gong ein skal velja desse nemdene skal passa på at kvinnene vert betre representert.

Kontorsjef Sivert Jøsendal og ordførar Jakob Sæbø
KontorsjefSivert Jøsendalog ordførarJakob Sæbø

 

 

 

 

 

 

 

 

HARDANGER Laurdag 8. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *