Home>Hardanger>Ymse>Hage/dyrking>Regional differensiering av dyrkingstilskot
Hage/dyrking Jondal Kvam herad Politisk Ullensvang Ymse

Regional differensiering av dyrkingstilskot

Regjeringa vil endre reglane for tilskot til nydyrking. Dei nye reglane vil vere klare dette året, dersom Stortinget handsamar St.m. 14 om Landbrukspolitikken i vårsesjoen, får Nynorsk Pressekontor vite i Landbruks departementet.
Dersom regjeringa får stønad frå fleirtalet i Stortinget, vil tilskotet ikkje berre bli avhengig av kor stort bruket er, men også av om bruket ligg i eit område der landbrukspolitikarane ønskjer å stimulere til nydyrking.
Det er ingen politisk ansvarleg i departementet som vil seie kvar dei vil at grensene for dei ulike regionane skal gå, men det ligg mest udyrka jord i dei næringsveike områda, og det er særleg her ein kan rekne med høgare tilskot i åra som kjem.
Departementet gjer ikkje framlegg om at det skal gjevast størst tilskot til dei som har jord der det er vanskeleg og kostbart å dyrke opp. (NPK)
HARDANGER Onsdag 12. januar 1976

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *