Home>Hardanger>Eidfjord kommune>EIDFJORD: Kloakk og vassforsyning etter vassdragsreguleringa
Eidfjord kommune Hardanger Politisk Ymse

EIDFJORD: Kloakk og vassforsyning etter vassdragsreguleringa

Det er klart at vassdragsreguleringa vil føra til vanskar med vasstilføringa og kloakkeringa for visse deler av Eidfjord. For Sysendalen er det viktig å få avklara dette spørsmålet. Kommunestyret vedtok difor på møte tysdag at desse spørsmåla må vera løyst i god tid før reguleringa av Eidfjord.Nord vert heilt eller delvis teke i bruk. Det må snarast råd takast opp drøftingar med NVE-Statskraftverka for å finne ei minneleg løysing. Det er h.r.advokat E. Bryn som har vore Ullensvang herad sin juridiske konsulent og som no er Eidfjord sin konsulent og h.r. S. Harris som representerer ei rekkje grunneigarar i Eidfjord, som har teke opp denne saka. I reguleringsføresegnene heit er det at eigaren av reguleringsanlegget etter vedtak i skjøn, skal setja i verk dei tiltak eller betala inn ein sum til heradet som kompensasjon for auke i utgifter til kloakkering og vassforsyninga av området som vert rørt av kraftutbygginga.

HARDANGER Onsdag 12. januar 1976

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *