Home>Hardanger>Ymse>Målkamp>Ullensvang Hagebrukslag syng ut: Uråd å få mæle og skiljereglar for frukt på nynorsk
Målkamp Ullensvang Ymse

Ullensvang Hagebrukslag syng ut: Uråd å få mæle og skiljereglar for frukt på nynorsk

I Oslo er det ei verksemd som kallar seg Norges Standariseringsforbund. Dei som arbeider der, har til oppgåve å ta den endelege avgjerda for standarden av frukt og bær som skal gå til sal, og dei sender årlege reglar for storleik- og kvalitets sorteringar. No ser det ut til at dei også vil standardisera språket. Alt som kjem frå dette laget er på bokmål, endå truleg over halvparten av medlemene bur i nynorskdistrikt og har nynorsk til skriftmål.
Ullensvang hagebrukslag har lenge sett seg arg på dette og har i brev dagsett 1.3.76 kravd at Norsk Standard for frukt og bær heretter kjem på nynorsk. Dette svara ikkje N.S. på, men i staden fekk laget nye reglar på bokmål.
På årsmøtet i Ullensvang Hagebrukslag den 27.11.76 gjorde laget samrøystes dette vedtaket:
«Årsmøtet i Ullensvang Hagebrukslag syner til skrivet Dykkar dagsett 23.11.76 der det går fram at Standardreglane vil verta trykt ved årsskiftet. Årsmøtet viser i det høve til tidlegare krav frå fruktdyrkarane i Ullensvang om om NS 2800-2811 må redigerast på nynorsk. Med det omfanget frukt og bærdyrkinga har i nynorskdistrikt, vil me finna det svært urimeleg om ikkje dette kravet vert imøtekome».
Den 13.12.76 svarar Norges Standardiseringsforbund: «Standardiseringskomiteeen har drøftet forslaget om å utgistandardene for sertifiseringsregler på begge målføre. Komiteen støtter ikke forslaget p.g.a. vanskene med en rett juridisk/teknisk redigering på et annet målføre og av økonomiske grunner».
Me tykkjer grunngjevinga for ikkje å gje ut reglane på nynorsk er noko tunn og uklår. Kva juridisk/tekniske grunnar skal tala mot dette, skjønar me ikkje. Er det slik at reglane blir mindre presise og lovlege når dei kjem på nynorsk? Eller er det slik at EDB-maskinene ikkje kan melta nynorsk.
Dei økonomiske grunnane skjønar me betre. Dei er me vane med å få kasta i hovudet når me nynorskfolk krev retten vår. Sjølvsagt vil det kosta noko meir å prenta reglane på to mål enn på eitt. Men når ein stor lut av medlemene krev reglane på nynorsk, var det vel rimeleg at det vyrde Standardlaget tok omsyn til det.
HARDANGER Laurdag 8. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *