Home>Hardanger>Odda Kommune>Frå dag til dag, HARDANGER Laurdag 8. januar 1977
Odda Kommune Ullensvang Ymse

Frå dag til dag, HARDANGER Laurdag 8. januar 1977

Fødde

Frå dag til dag
Små offentlege notisar
  • 19/12 1976: Britt og Svein Gunnar Sevdal, ein gut.
  • 20/12 Synnøve og Arvid Hamre, ein gut.
  • 20/12 Sigrid og Lars Solvi, ei jente.
  • 25/12 Inger og Ingvald Haara, ein gut.
  • 25/12 Sylvi og Olav Bjørke, jente og gut.
  • 28/12 Ann-Wenche og Inge Mannsåker, ein gut.
  •  28/12 Grete og Erling Årekol, ein gut.
  •  30/12 Åse og Egil Lutro, ei jente.
  • 3/1 1977: Magnhild og Johannes Soldal, ei jente.

Ullensvang bygningsråd
På møtet 20. desember gjorde bygningsrådet m.a. desse vedtaka:
Margreta og Otto Hopen fekk løyve til frådeling av ein parsell på 164 kvm. Kjøpar er Trygve Børve og arealet skal nyttast til nausttomt.

Bygningsrådet fann ikkje å kunna godkjenna at det vert selt hyttetomter i feltet nord for riksvegen på Maurset utan at ein sel fleire tomter innan ein avgrensa del av feltet og etter utarbeidd tomtedelings plan. Grunnen til dette er at bygningsrådet meiner det er uheldig at det vert selt einskilde tomter inne i området der tomtene elles vert bygsla bort.

Ernst O. Haukaaas fekk på nærare fastsette vilkår byggeløyve for oppføring av hytte på Feet.

Bygningsrådet godkjende frådeling av tomt nr. 8 på Eikhamrane. Tomta skal nyttast til einebustad.

Erling Hauso sin søknad om løyve til bygging av hytte på Komlo (gnr. 113 br.nr. 6) vart imøtekomen.
John Herstad fekk løyve til å bygga stølshus på Friseter.

Johan Blindheim; fekk byggeløyve for hytte på Maurset.

Arvid G. Lillesund sin søknad om byggeløyve for hytte på Maurset vart godkjent.

Bygningsrådet vedtok å utsetja avgjerda når det gjeld Ivar Sandstå sin søknad om bygging av stølshus i sameiga i Fagerli.

Per Harald Egge fekk løyve til oppføring av hytte på nordsida av riksvegen på Maurset.

Bygningsrådet godkjende vidare Arne J. Pedersen si byggemelding for hytte på Maurset.

Johannes Garen fekk løyve til frådeling av hytte tomt til Jonas Ystaas.

Sjur Haaskjold si byggemelding for hytte på Maurset vart godkjent.

Ansgar Sandal sin søknad om byggeløyve for hytte på Maurset vart imøteko men av bygningsrådet.

Ullensvang herad si byggemelding for pumpe hus/trafo i Garatunfeltet vart godkjent.

Asbjørn Rogdaberg sin søknad om løyve til bygging av ny driftsbygning vart imøtekomen.

Magnus Natås fekk løyve til bygging av hytte på nordsida av riksvegen på Maurset.

Ove Knutsen sin søknad om byggeløyve for hytte på Maurset vart imøtekomen.

Ingvald Landsvik fekk byggeløyve for hytte på Maurset.

Halvor Ulsmåg fekk byggeløyve for hytte på Maurset.

Bygningsrådet rår til at Lars A. Alsåker får dispensasjon frå fastsett bygge avstand frå riksveg i samband med bygging av ny driftsbygning.

Otto Jørgen Troe fekk byggeløyve for hytte på Maurset.

Bygningsrådet godkjende makeskiftet med Harald Alvsåker i samband med utviding av leikeplassen ved Vines skule.

17 dekar til bustadføremål på Sekse
I Flisabakken på Sekse skal det byggast fleire bustader i tilknytning til det noverande bustadfeltet. Ullensvang bygningsråd har godkjent at det vert frådelt eit område på 17 dekar, som skal nyttast i samband med dette bustadfeltet. Området ligg nord for det noverande bustadområdet.

Folketalet går ned i Odda, Ullensvang og Jondal
Størst nedgang syner Odda med heile 72, dinest kjem Jondal med 21 og Ullensvang med 6, dette siste året.
Folketalet var 1.1-76   –  1.1-77
Odda                 9446        9374
Ullensvang       5164        5158
Jondal               1298        1277

HARDANGER Laurdag 8. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *