Home>Hardanger>Eidfjord kommune>15 nye lag i Noregs Mållag — Dialektarbeidet styrkjer målrørsla
Eidfjord kommune Hardanger Jondal Kvam herad Målkamp Odda Kommune Ullensvang Ymse

15 nye lag i Noregs Mållag — Dialektarbeidet styrkjer målrørsla

Målrørsla seglar i medvind ser det ut for.
Skrivaren i Noregs Mållag, Olaf Almenningen, kan fortelja til Nynorsk Pressekontor at det ved årsskiftet var 264 mållag med til saman 16 800 medlemer. Av desse laga er det 15 nye, fordelt over heile landet, frå Finnmark til Telemark.
Økonomien ser og ut til å vera betre enn før, sjølv om samskipnaden ikkje toppar likningsboka. Berre på ein og ein halv haustmånad kom det inn 80 000 kroner i målgåve frå medlemer som gjev ein ekstra slant.
— Kva er grunnen til at målrørsla går framover no?
— Dialektarbeidet som har vore dreve dei siste åra har hatt mykje å seia for framgangen vår. Dialektreisinga har fengt, og gjort at folk har gjeve seg med i målarbeidet.
Mål-ordskiftet om dei ulike framlegga til nytt prinsippprogram for Noregs Mållag har folk lagt merke til. Dermed har dei vorte interesserte i målsaka, og mange — især ungdom — vender seg til skrivarstova åt Noregs Mållag for å få nærmare opplysningar om målsak.
Kva er dei viktigaste arbeidsoppgåvene for målrørsla i det året vi har starta på?
Det er fire felt vi særleg vil arbeide på. Det er dialektarbeidet, læremiddelsaka, norsk opplæringa og skulearbeidet.
I 1976 tapte målfolket berre to av åtte målrøystingar i landet. Fem vann vi, og i ein vart det parallellklassar. fortel Almenningen, og han legg til at i tida som kjem vil vi nok betre merke bokmålspresset på nynorsken rundt dei store byane på Vestlandet, slik som Stavanger, Bergen og Ålesund.
Ofte er det slik at tilreisande som kjem til ein stad og tek til å engasjere seg, ikkje set seg nok inn i språktilhøva på staden. Dermed gjer tilflytting og gjennomtrekk at bokmålet får innpass i strok der nynorsken har vore i bruk.
— Kva med norskopplæringa?
— No i vår er odelstingsproposisjonen om lærarutdanninga venta opp i Stortinget, berre ei lita stund etter at norskfaget vart gjort til valfag på lærarskulane. Og det er all grunn til å vente at dette viktige faget blir gjort obligatorisk att for dei som skal ta utdanning for å undervise i skulen. Og vi ventar mykje av den nye interesseorganisasjonen til norsklærarane.
I tråd med større medvet for norskfaget må vi få meir dialektundervisning inn i skulen på ein vitug måte. Dette vil lette norskopplæringa enormt.
— Det var dialektaksjon i fjor, og det skal vera no i februar. Er dialektveka i ferd med å bli ein tradisjon?
— Dei landsomfattande dialektaksjonane er komne for å bli, i ei eller anna form. Vi kan berre vise til kor viktig dialektarbeidet er for anna målarbeid.
Og noko vi vil satse på i tida som kjem er å få ei oppvurdering av stasjonsby-målet og bygdeby-dialekta. Vi må reise respekten for folkeleg sentrumsmål, både blant målfolk og andre.
— Læremiddelarbeidet har fått mykje blest i året som gjekk.
— På mange måtar var det ein god læremiddelaksjon, som var godt organisert. Men mykje står att. Aksjonane har vore retta inn på for få skuleslag, og det er enno uvisst kva den nye lova om språkleg rettferd i vidaregåande skular er meint å omfatta.
Til våren kjem vi til å satse på aksjonar for å få tilleggsløyvingar. Og så vil vi etterlyse den tempoplanen som vart borte. På andre område har målrørsla hatt framgang og, meiner Almenningen, og nemner pressa, der m.a. mange nynorske bygdeblad går godt, og der nynorsken står sterkare i ein del storaviser enn før.
— Det er og von om at Den Norske Bokklubben, som har neglisjert nynorsken av økonomiske grunnar i fleire år, no tek til å høyre litt etter krava om språkleg rettferd.
— Men enno står mykje att. Til dømes i fagrøsla. Der er det frå høgste hald sagt at ein ikkje vil legge om språkpolitikken før det kjem krav om det frå grunnplanet Og desse krava vil det nok koma fleire og fleire av i 1977. Almenningen minner og om at landsmøtet i Rauland i sumar — eit av dei største som har vore – der målflokken samla seg om eit godt og greitt prinsippprogram. På landsmøtet til sumaren skal ein m.a. ta opp revisjon av lovene, med eit framlegg om å stenge ute organiserte fascistar og nasistar frå Noregs Mållag.
Har skrivaren nokre fyndord ved årsskiftet?
— Eg får seia som det sto i ei nyttårshelsing som kom til mållags-kontoret frå Aust-Agder: — Skal me vinna fram, må me ikkje tassa rundt på sokkeleisten. (NPK)

HARDANGER Laurdag 8. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *