Home>Hardanger>Kammermusikk med Rikskonsertane
Hardanger Odda Kommune

Kammermusikk med Rikskonsertane

Tre dugande musikarar slo seg saman for nokre år sidan og skipa Oslo Trio. Fiolinisten Stig Nilsson, cellisten Aage Kvalbein og pianisten

OsloTrio
Fiolinisten Stig Nilsson, cellisten Aage Kvalbein og pianisten Jens Harald Bratlie

Jens Harald Bratlie har andre oppgåver som tek det meste av tida deira — solistoppgåver, orkesterarbeid og pedagogisk verksemd. Men den store interesse dei har for kammermusikk har ført trioen fram i fremste rekkja mellom kammermusikkensembler i Norden. I 1976 vann dei den nordiske kammermusikktevlinga i Helsinki, og same året vann dei prisen i den internasjonale tevlinga i Munchen.
Ein av dei første oppgåvene Oslo Trio hadde var ein turne for Rikskonsertane på Austlandet. Den var mykje vellukka. I 1975 heldt trioen «presentasjonskonserten» sin for Oslopublikumet og pressa. Det vart ein opplagd suksess. Trioen vart no beden om å spela på festspela i Bergen 1976, og her hadde dei konsertar heile åtte gonger i ulike kombinasjonar: som trio heldt dei to konsertar, Nilsson/Kvalbein var solistar i Brahms konsert for fiolin, cello og orkester, det var fiolin/klaver- og cello/klaverkonsertar, og Bratlie hadde sin eigen klaverkveld.
På programmet til trioen står i år ein Rikskonsert-turne til Vestlandet og Sørlandet med 14 konsertar.
I samarbeid med Odda komm. kultur- og opplysningsnemnd vil Oslo Trio halde konsert i gymnasets Aula her i Odda tysdag den 11. januar kl. 19.00. Me viser elles til lysing annan stad i bladet.
HARDANGER Laurdag 8. januar 1977

Annonse Oslo Trio
Fiolinisten Stig Nilsson, cellisten Aage Kvalbein og pianisten Jens Harald Bratlie

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *