Home>Hardanger>Ymse>Jon Myklatun i Eidfjord kommunestyre: Alle kommunale verv bør vera gratisarbeid under oppbyggingsperioden
Ymse

Jon Myklatun i Eidfjord kommunestyre: Alle kommunale verv bør vera gratisarbeid under oppbyggingsperioden

—Eg er prinsipielt for at i opp byggingsperioden burde alle gjera gratis arbeid for å visa kor høgt dei set vedtaket om at Eid fjord er vorte eigen kommune. Det var John Myklatun (Saml.) som sa dette då Eidfjord kom munestyre handsama godtgjer sle til nemndsformenn, ord førar, varaordførar og formann skap. Men for at ein skulle få samrøystes vedtak i denne saka ville han ikkje koma med eit slikt framlegg. Det vart vedteke at ordførargodtgjersla skal vera 30 000 kroner, varaordføraren får 4 000 kroner og alle formann skapsmedlemmene får 2 000 kroner. Alle formannskapsmed lemene får i tillegg fast møte godtgjersle med unnatak for ordføraren. For meirarbeid i 1976/77 får ordføraren 12 500 kroner.
Når det gjeld møtegodtgjersle vart det vedteke at alle styre/ut val og nemnder som har meir enn 2 møte for året får godt gjersle. Det vert ikkje gjeve noko godtgjersle for møte i kom munestyre og skulestyre. Det vert også gjeve vederlag for tapt arbeidsforteneste til løns takar som vert trekt i løn ved fråvær frå arbeidet, eller er sjølvstendig næringsdrivande, eller er heimeverande husmor, eller andre som må leiga vikar for seg. For sjølvstendige nærings drivande vert ordinær arbeids tid fastsett til tida mellom 8.00 og kL 17.00. Heimeverande hus- mødre får dekka arbeidsforte nesta etter same reglane som sjølvstendig næringsdrivande. Det var også vedteke at for mannen og sekretæren i Ad ministrasjonsnemnda skal få 3 000 og 2 000 kroner for arbeidet sitt.
Eddmund Kvåle (Saml.) meinte at alle i administrasjona nemnda hadde gjort eit stort ar beid og han foreslo difor at for mannen skulle ha 5 000, sekre tæren 3 000 kroner og kvar av medlemene skulle få 1000 kroner. Dette framlegget fekk berre 3 røyster. Dei ymse utbetalingane fylgjer desse satsane: Formannen i skulestyret kr. 1 500,-. Formannen i bygnings rådet kr. 1 500,-. Formannen i jordstyret kr. 1 500,-. For mannen i sosialstyret*kr. 1 500,-. Formannen i Viltnemnda kr. 1 500,-. Formannen i kultur og bibliotekstyre kr. 1 200,-. For mannen i husnemnda kr. 800,-. Formannen i ungdoms og id rettsutval kr. 800,-. Formannen! barnevern-barnehagenemnda kr. 800,-. Formannen i edru skapsnemnda kr. 500,-. For mannen i friluftsnemnda kr. 500,-. Formannen i innlands fiskenemnria. kr. 500,-.

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *