Home>Hardanger>Folkehøgskulen i fokus
Hardanger Ullensvang Ymse

Folkehøgskulen i fokus

Mange aviser driv eit nyttig opplysningsarbeid om det som skjer rundt om på folkehøgskulane våre. Dei har ofte reportasjar om det som går føre seg av nye pedagogiske opplegg, av kulturkveldar og andre tilskipingar, slik at lesarane får inntrykk av at det er ein skule med livleg aktivitet, der lærarar og elevar går inn for å løysa oppgåver. Somme aviser har også gjeve rom for drøfting av innstillinga om folkehøgskulen som nyleg er komen. Eit offentleg utval vart nedsett i 1973 og har i september i fjor gjeve ei mykje interessant innstilling med fleire framlegg til nyordning for skulen. Denne innstillinga har vekt eit hardt ordskifte innan folkehøgskulen, og ho har vore drøfta rundt på skulane heile førjolsvinteren. Innstillinga tek opp spørsmål som er livsviktige for folkehøgskulen i framtida og dermed også for folket vårt. Her burde avisene koma meir med i drøftinga enn dei til no har gjort. Men i staden har vi hatt ei avisskriving om desse skulane som går i ei heilt anna lei, skriv bladet «Folkehøgskulen» i siste nummeret. Ein tenkjer då på korleis einskilde tilfelle av narkotikaproblem vert blåse opp til sensasjon. Det er ein vulgarisme i måten å skriva om slike ting på som ligg langt unna den yrkesetikken som er formulert i «Ver varsam»-plakaten. Emnet er aktuelt m.a. i samband med den hetsen som på nytt har kome til orde i somme aviser mot Manger Fylkesskule. Det som gjennom åra er bygd opp av positivt og stimulerande miljø på denne skullen har ikkje vore godt stoff for desse avisene. Men når ein kan skriva om narkotika, då syner den journalistiske luktesansen og fantasien seg å vera uvanleg velutvikla. Det som gjer saka serleg alvorleg, er at medlemmer i skulestyret — som diverre kjenner lite til det som skjer på skulen — let seg påvirka av skeive framstillingar og ikkje syner ansvar for å få fram eit allsidig bilete av det skulen står for. Om dette emnet kan få ei tilspissa form i samband med einskilde skular, er det ei sak som gjeld heile folkehøgskulen. Kanskje me treng ein ekstra innsats på PR-sida her, t.d. ved at lærarråda vel ein til å ta seg av informasjonen utetter, retta opp feilaktige framstillingar og syrgjer for at alt det gode arbeidet som går føre seg på skulen, kan koma fram i ljoset gjennom avisene, sluttar «Folkehøgskulen».

 

HARDANGER Laurdag 8. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *