Home>Hardanger>Ymse>Til ein smågut, Torgils Brandstveit
Ymse

Til ein smågut, Torgils Brandstveit

Til ein smågut
Enno er du liten
og lite du forstår,
men eingong vert du vaksen,
ja, vaksen, tjuge år.

Om ikkje trollet tek deg då
og slengjer deg i koll.
Dei er so griske etter unge liv,
dei arge sjukdomstroll.

Far og mor vil vakta deg,
det kan du lita på.
Men du veit det hender stundom,
at jamvel dei vert små.

Eg trur at du vert vaksen,
ja, vaksen, tjuge år.
Då vil du skyna mange ting
som ikkje eg forstår.

Torgils Brandstveit.

HARDANGER Laurdag 8. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *