Home>Hardanger>1976 – vanskeleg år for Oddaverksemdene
Hardanger Odda Kommune Ymse

1976 – vanskeleg år for Oddaverksemdene

Etter det Bergens Tidende kan fortelje har 1976 vore eit heller vanskeleg år for verksemdene i Odda. Norzink reknar med underskot for 1976, om ikkje så stort som året før. Dei ventar oppgang i slutten av 1977. Situasjonen på zinkmarknaden er framleis dårleg, og det kan verta spørsmål om ein kortare arbeidsstans utpå våren. Nyinvesteringar må ein venta med. Kravet om betre miljøvern fører til store utgifter, serleg å verta kvitt problemavfallet. Statens Forurensingstilsyn krev at utsleppa til Sørfjorden skal vera stogga innan 1. januar 1979. Dette vil kosta om lag 5 mill. kr. årleg. Odda Smelteverk har greidd seg toleg bra gjennom 1976, men marknadssituasjonen er framleis vanskeleg, og det kan. koma på tale å stengja den eine smelteomnen nokre veker. Smelteverket vonar at marknadstilhøva vert betre mot slutten av 1977. Arbeidet med den nye stengde karbidomnen er i full gang. Han vil kosta om lag 60 mill. kr., men då vil årsproduksjonen auke frå 110 000 tonn til 133 000 tonn årleg. Endå større glede for folk flest i Odda, vil det nok vera at det nye reinseanlegget vil gjera Odda fritt for røyk og støv. DNN-Aluminium har greidd året betre enn dei hadde rekna med då dei sette opp budsjettet i fjor som vart lagd fram for Stortinget. Men driftssituasjonen er unormal sidan ein må ha heller stor stønad frå staten si side for å halda produksjonen oppe. Ein ventar no på ei varig løysing av sysselsettinga i Tyssedal. Utan statstilskot har det vore eit heller stort underskot på drifta i fjor, men med 15 mill. kr. i statstilskot, vert det truleg balanse. Driftsleiinga ser ikkje serleg lyst på 1977, men vonar likevel på eit betre resultat enn i fjor. Dei reknar med at styremaktene er innstilt på å yte like stor hjelp i år som i fjor. Men selskapet reknar med at dei skal greia det med mindre og endå få balanse. Direktør Røed ser fram mot ei endeleg løysing av Tyssedals saka. Den uvissa som over gangssituasjonen fører med seg, er uheldig, ikkje minst for dei tilsette.

 

HARDANGER Laurdag 8. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *