Home>Hardanger>Stor byggeaktivitet i Odda i 1976 – Enno mykje att før bustadstandarden er lik landsgjennomsnittet
Hardanger Odda Kommune Ymse

Stor byggeaktivitet i Odda i 1976 – Enno mykje att før bustadstandarden er lik landsgjennomsnittet

Ein årsoversikt frå bygningsrådet fortel at byggeaktiviteten har vore stor i Odda i 1976, men det er trong for like stor aktivitet i åra framover om Odda skal få ein bustadstandard som er lik landsgjennomsnittet. Det var bygningssjef Olav Bjørke som sa dette på ein pressekonferansen tysdag. Omlag 383 saker er vorte handsama av bygningsrådet i 1976. Det er gjeve byggeløyve for 46 einebustader og 98 hus være. Det er skrive ut 95 ferdigattestar i 1976 på bygg som er vorte klar til innflytting. Elles er på nær alle som har fått byggeløyve kome i gang med byggearbeidet. Bygningssjefen kunne elles leggja fram ein del interessante planer for 1977. Mellom anna vil ein leggja fram ei reguleringsendring for Ragde, ny reguleringsplan for Hjøllo og to reguleringsendringar for Eitrheim. Ein vil også drøfta planar for utbygging av Eidesåsen, Digranes eller Strand til bustadføremål, utan at bygningssjefen vil seia kva som kan vera mest sannsynleg av desse områda.

TRAFIKKSIKRING

Arbeidet med å gje dei mjuke trafikantane eit skikkeleg sikring har kome godt i gang. I løpet av vinteren reknar ein med å detaljplanleggja gågata, i samarbeid med handelsstanden og politiet. Ein har tenkt å fjerna fortauskantar, setja ut benker og planta blomar, i det heile, gje alle eit triveleg tilbod. Ein reknar også å kunna leggja fram ein plan over grøntanlegg og parkeringsplassar i sentrum. Ein har alt planar om at på tomta til det gamle rådhuset vil det verta lagt eit grøntanlegg, men om det vil koma alt i sommar, er vanskeleg å seia.

HYTTEPLANAR

Bygningssjef Olav Bjørke kan også fortelja at ein reknar med å leggja fram ein reguleringsplan for hyttebygging på Løyning. I tillegg vil det. verta ein plan om korleis ein betre skal kunna ut nytta dei områda som alt er nytta til hyttebygging. Men med den store arbeidsmengda som bustadbygginga verta

HETLEFLOT

er planlagt med 13 einebustadar. Tidlegare sette bygningssjefen fram forslag om at tomtkjøparane burde samarbeida og koma fram til ein hovudhustype. Både terreng og tomtestorleiken tilsa at det ville høva best med hus i 1 og ein halv etasje. Då bygningsrådet skulle handsama byggeløyve, synte det seg at bort i mot alle hadde valt ein vanleg hustype med ein etasje pluss stor sokkel. Desse hustypane krev flate tomter
noko som har ført til ekstra mykje arbeid med sprenging og planering av steinmassar. Størst ulempe i dette feltet er då at terrenget har endra karakter og tomtene har mista det spesielle arkitektoniske virke middelet.

EIKAKEREN

Dette feltet har 21 bustader. Fyrste byggetrinn er 7 einebustader i 1 og ein halv etasje pluss eit rekkjehus med 6 husvære. Kommunen har ført fram veg og leidningar med påkoplingsgreiner til dei einskilde husa. Det meste av arbeidet er utført som eigeninnsats av byggeherrane. Tomtene er rimeleg å ta ut då det er lite fjellmassar og terrenget er for det meste flatt.

SKARDE II

er andre trinnet av utbygginga på byggefeltet i Skarde. Det er planlagt 13 bustader i dette trinnet. Det skal byggjast 6 frittliggjande einebustader, dei andre er kjeda saman i grupper på 2 og einingar.

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *