Home>Hardanger>Eidfjord kommune>Det finst framleis mellom 5 og 10 millionar stadnamn i heile landet
Eidfjord kommune Jondal Kvam herad Odda Kommune Ullensvang Ymse

Det finst framleis mellom 5 og 10 millionar stadnamn i heile landet

Det finst framleis mellom 5 og 10 millionar stadnamn i heile landet — No trengst det ein landsomfattande aksjon for å ta vare på dei stadnamna som enno ikkje er samla inn, seierer arkivar Botolv Helleland ved Norsk Stadnamnarkiv i Oslo til Nynorsk Pressekontor. Med litt rettleiing vil alle som er interesserte i tradisjonsinnsamling kunne vera med. Botolv Helleland fortel at det enno

Botolv Helleland
Botolv Helleland med stort stadnamnprosjekt

finst noko mellom 5 og 10 millionar stadnamn som er knytte til ulike slags lokalitetar rundt om i landet. Det gjeld namn på gardar og bruk, elvar, sjøar og vatn, fjell og dalar, og på ei rad andre terrengtypar. Og ikkje minst er mange namn nytta på teigar i inn- og utmark, ofte kalla markateigsnamn. Så lenge det var teigblanding, åtte ein eigar ein åker her og ei ekre der, alt om einannan. Alle desse større og mindre teigane måtte ha sitt eige namn. Når ein tenkjer seg at ein større gard kunne vera oppdelt i fleire bruk med mange teigar, er det lett å skjøna at talet på innmarks namn måtte vera stort.
MÅTTE HA MERKELAPPAR
Sameleis var det i utmarka. Somme åtte skogen, andre beitet. Ulike felt i utmarka vart nytta til hogst, lauving, beiting. For at folk skulle finne fram til rett stad måtte dei ha merkelappar på dei einskilde teigane. Namna er slike merkelappar som har vorte førte vidare frå generasjon til generasjon.
OMTALTE SÆRMERKE
Namna har ikkje oppstått ved noka medviten døypingsakt, men ved at eitt eller anna særmerke ved staden har vorte omtalt i fleire høve. Ein åker skilde seg ut frå andre åkrar ved at han var eit fjerdedels mål. Etter ei tid vart Fjøringen brukt som fast nemne på åkeren, og dermed trong ein ikkje noka vidare forklaring på kva åker det gjaldt. Jamvel etter at åkeren vart lagd att til ekre vart Fjøringen nytta. Ein annan åker vart nemnd Humleåkeren etter den tida dei dyrka humle til ølbrygging på garden. I eit dalføre fann dei mykje kvann, ei plante som har vorte mykje nytta i folkemedisinen, og etter ei tid sa dei berre Kvanndalen.
OFTE TILFELDIG
I ein del av utmarka heldt hestane seg, der vart de heitande Øykjastana. Somme stader hadde dei faste hestebeite frå gamalt, og namnet Rosshagen (jamfør gamalnorks hross «hest») minner om det. Ein haug med godt utstyr kunne verta heitande Sjonarhaug eller Kikut. Men det kunne vera like godt utsyn frå t.d. Høgenuten. Det er ikkje alltid det mest karakteristiske som har gjeve ein lokalitet namn.
ØKOLOGI OG STORKNANEMNINGAR
Stadnamna kan seiast å vera storkna nemningar frå ei faren tid. Dei har vorte til til alle tider og fortel om korleis menneska har livberga seg gjennom tide ne. Med vår tids ordbruk kan me seia at ein studie av stadnamna samstundes er ein studie i økologisk forsvarleg utnytting av naturen.
Og i tillegg til dei kulturhistoriske opplysningane stadnamna gjev, får me eit variert bilete av naturen i området Namna inneheld i stor mon terrengskildrande ord, Ld. ord for høgder, ulike slags fordjupningar i lendet, ord for vått lende og ord for turt lende. Frå eit avgrensa område i landet er det skrive opp over 50 ulike ord for høgder.
HALVPARTEN STAR ATT
Det er såleis eit detaljert bilete som stig fram for oss når me studerer stadnamna, seier Helleland, som er arkivar ved Norsk Stadnamnarkiv i Oslo. Han har arbeidd nokre år ved arkivet og har sjølv drive med innsamling, særleg frå Hardangervidda.
— Er ikkje mestedelen av stadnamna rundt om i landet innsamla frå før?
— Ein stor del, men likevel langt under halvparten. I alle høve har ikkje arkivet registrert meir. Alle gardsnamna og dei fleste bustadnamna har me i arkivet, det gjeld også namn på dei fleste større lokalitetar rundt om i landet, t.d. namn på elvar, sjøar og vatn, fjell osb. Frå ein del avgrensa område har me fått samla inn alle namn, gjennom det me kallar djupinnsamling. Det er målet for heile landet.
EIN MILLION NAMNESETLAR
Norsk Stadnamnarkiv har no nærare 1 million namnesetlar , fordelte på ulike slags register, forti Helleland. Dessutan finst det eit stort namnetilfang på den nye topografiske kartserien M 711 til Norges Geografiske Oppmåling og på det økonomiske kartverket som herada i landet no er i ferd med å gje ut.
– Ei viktig samling er skule barrøppskriftene som professor Gustav indrebø fekk inn i samarbeid med skulane rundt om i landet i 1930- og 40-åra. På desse listene er det kome med langt over 11 mill. stadnamn, for det meste namn som er henta frå gardsmiljøet til elevane. Desse oppskriftene er arkiverte ved Nordisk Institutt i Bergen. Elles har både dette instituttet og det tilsvarande instituttet i
Trondheim regionale namnesamlingar, og etter kvart vil også Universitetet i Tromsø få si samling av nord-norske og samiske stadnamn.
INNSAMLINGSAKSJON
— No planlegg de altså ein landsomfattande innsamlings aksjon. Korleis vil de gå fram? — I dag er det ei heilt anna stode enn berre for nokre år sidan. Løyvingane har auka og arkivet har kunna utvide rettleiingstenesta mykje. M.a. har det vore halde ei rad kurs og seminar for interesserte amatørar rundt om i landet. Det same har stadnamnavdelingane ved universiteta i Bergen og Trondheim gjort. Interessa for stadnamn og lokaltradisjon i det heile har vakse. Det nye økonomiske kartverket er i ferd med å koma ut, og det har gjeve eit anna og langt betre grunnlag for å heimfeste stadnamna, fyrst og fremst teignamna.
KASETTSPELAR TIL UTLÅN
— Det mest revolusjonerande ved innsamlinga i dag er likevel lydbandopptakaren, særleg kassettspelaren, fortel Helleland.
— For at stadnamna skal ha vitskapleg verde, må dei noterast i rett lydskrift. Det kan berre gjerast av folk som har fått opplæring, og det er ikkje så mange. Derimot kan dei aller fleste lære seg til å nytte ein kassettspelar i innsamlinga. Føremonen med eit slikt hjelpemiddel er at ein kan få namna nemnde i ein naturleg samanheng, t.d. i samband med eit intervju om åkerdrifta i eldre tid.
MANGE LAG ER MED
— Det vil verta ei stor oppgåve å organisere dette?
— Sjølvsagt! Me er klar over at det trengst ein kraftinnsats. Arkivet har mange viktige oppgåver, innsamling er berre ei av dei, rett nok av dei aller viktigaste. Men me synest det må vera rett å prioritere dette arbeidet. Me reknar med å få god hjelp av folk utover i landet. Alt no har me kontakt med ein del einskildpersonar og med lokale historielag, mållag, bondekvinnelag, ungdomslag o.a.
Me vil prøve å få kontaktar i kvart herad, gjerne gjennom dei lokale kulturnemndene. Me veit at mange einskildpersonar har private namnesamlingar, og desse er arkivet interessert i å få kontakt med. I den mon me har kapasitet, vil me reisa rundt i landet og rettleie i innsamling. Me vil også kunna låne ut ein del kassettopptakarar, slik at arkivet kan få namna i den rette, det vil seia nedervde, uttalen.
HUGS HEIMFESTING
— Kva er særleg viktig å hugse på for den som skal gå i gang med innsamling?
— Eg vil nemne tre ting: For det fyrste rett uttale, og då helst på lydband eller kassettband, for det andre opplysningar om kva namnet gjeld, for det tredje heimfesting på kartet, pluss gards- og bruksnummer.
— Og dei som er interesserte i å få hjelp til stadnamninnsamling kan berre skrive til Norsk Stadnamnarkiv, Blindern, Oslo 3, eller til universiteta i Bergen eller Trondheim, sluttar Botolv Helleland.

HARDANGER Laurdag 8. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *