Home>Hardanger>Ymse>Målkamp>MEIR NYNORSK I BOKKLUBBEN: Skort på nynorskbøker eit pedagogisk brotsverk
Målkamp Ullensvang Ymse

MEIR NYNORSK I BOKKLUBBEN: Skort på nynorskbøker eit pedagogisk brotsverk

Blir det meir nynorsk i Den Norske Bokklubben? Etter det Nynorsk Pressekontor veit skal det no vera drøftingar mellom Bokklubben og

Storsal av Jon Bleie
Storsal av Jon Bleie sine bøker i Sørfjorden

målorganisasjonane om kva som kan gjerast for å spreie meir nynorsk-lesnad gjennom den største bokklubben i landet. Grunnen til dette er den kritikken som har kome frå mange målfolk mot utgjevingspolitikken til Den Norske Bokklubben. Som kjent kjem så godt som alle bøkene på bokmål.
—Barnas Bokklubb er etter vår meining den viktigaste delen av heile verksemda, sett frå eit målstandpunkt, heiter det m.a. i eit brev frå Noregs Mållag til Bokklubben, der ansvaret og posisjonen til Bokklubben blir kommentert. I brevet står det m.a. at det er i barneåra at målkjensla festar seg og borna lærer å skrive. Då er det viktig å få bøker på sitt eige mål. Bokmålsbøker i småskulen øydelegg skrivekjensla og målet for nynorsk elevane. Skorten på nynorske barnebøker er eit pedagogisk brotsverk mot alle dei 97 000 elevane som nyttar nynorsk i skulen i dag.
Konklusjonen til Noregs Mållag er at Barnas Bokklubb må gje ut fleire barnebøker på nynorsk. Det blir vist til klassikarar som Sivle, Løland og Floden, og nyare forfattarar som Jonssmoen, Heggland, Økland, Heie og Eggen m.m.
Det blir og understreka at mykje kan gjerast for nynorsken med å skaffe til vegar omsetjingar på nynorsk.
Bokklubben skal ta opp dette brevet på styremøte i slutten av januar, og direktør Knut T. Giæver vil ikkje kommentere saka før etter det møtet. Men han ser det som eit framsteg at Bokklubben og målorganisasjonane no er på talefot med kvarandre. Etter det Nynorsk Pressekontor trur vil det bli eit slikt møte mellom Den Norske Bokklubben, Noregs Mållag, Noregs Lærarmållag, Kringkastingsringen og Noregs Ungdomslag om ikkje alt for lenge, i februar ein gong. På møtet vil det og bli drøfta kva som kan gjerast for å betre nynorsk tilbodet i den vanlege Bokklubben og i Den Nye Bok klubben. (NPK)

HARDANGER Onsdag 12. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *